VANDRAR VIDARE: Marit Høgheim og Olav Kjell Moen takkar for seg etter fem år på Skogadalsbøen og tar over drifta av Eidsbugarden hotell. Foto: Arkiv
VANDRAR VIDARE: Marit Høgheim og Olav Kjell Moen takkar for seg etter fem år på Skogadalsbøen og tar over drifta av Eidsbugarden hotell. Foto: Arkiv

– Det er hardt å gje slepp på plassen

Sjølv om Skogadalsbøen ligg nære hjarta til Marit Høgheim, ser ho fram til å drive Eidsbugarden hotell frå 1. februar.

I dei fem åra Marit Høgheim og mannen Olav Kjell Moen har drifta turisthytta Skogadalsbøen, har dei opplevd mykje og sit att med mange gode minner og historiar. Det er tydeleg at kjenslene for Skogadalsbøen er store, og det er ikkje heilt lett for Marit å gje slepp. 

Heldigvis har ho god dialog med det nye vertskapet på "Bøen", då det er ingen ringare enn hennar eigen son og kjærasten hans som skal ta over drifta.

– Kvar gong eg kjem inn der og ser "slottet vårt", blir eg rørt, seier ho. 

Nye utfordringar

Høgheim minnast alle dei takknemlege fjellvandrarane som kjem opp til Skogadalsbøen. Å servere mat og drikke til dei som har gått til turisthytta, ser ho på som ein jobb som definitivt blir verdsatt hjå vandrarane. 

Samstundes ser ho veldig fram til å ta over drifta på Eidsbugarden hotell som har omlag 80 sengeplassar og mogelegheiter for booking av overnattingsplass.

– Det blir annleis, og litt meir forutsigbart enn på Skogadalsbøen, seier ho. 

Gode minner

Med 3 500 personar som vitjar Skogadalsbøen kvart år, har det blitt ein del minner og opplevingar i dei fem åra Høgheim og Moen har drifta hytta. 

Nokre personar har større plass i minnebanken enn andre, blant anna ein mann som hadde ein plan om å vandre i fjella frå september til april, utstyrt med to bossekker og ein ryggsekk. Han skulle leva av jakt og fiske, og han hadde til og med hugsa å ta med seg shampo så han fekk vaska seg frå tid til anna. 

– Og så var det ei som bestilte "a cup of tea with a taste of London", smiler Høgheim og fortel at ho fekk kokt vatn og eit utval teposar og beskjed om at ho kunne ta det ho ville ha sjølv.

– Ho var fornøgd med det, legg Høgheim til.

 

Til toppen