UNGE LOVANDE: Det unge Jotunlaget har mange lovande håndballspelarar. Foto. Andreas Aannevik
UNGE LOVANDE: Det unge Jotunlaget har mange lovande håndballspelarar. Foto. Andreas Aannevik

– Det er heilt vilt!

Laurdag møtte Jotun G-14 Gloppen i toppopgjer i Årdalshallen.

Årdal: Jotun tok raskt ledelsa då dei møtte Gloppen i Årdalshallen laurdag ettermiddag. Laget hadde god kontroll stort sett gjennom heile kampen. Dei unge spelarane tapte med tre mål Gloppen tidlegare denne sessongen. Denne gongen viste dei motstandaren kva dei er gode for. Stillinga var 8-5 til heimelaget då pausesignalet gjekk av. Kampen enda til slutt 18-13 til Jotun.

Dette var ein avgjerande kamp for det unge laget. I neste kamp møter dei Florø, då kjempar dei om å bli fylkesmeisterar.

Trenar Olafur Sveinsson fortel at han er imponert over laget sitt.

– Eg er rett og slett imponert over kor flinke gutane er. Me tapte med tre mål mot Gloppen tidlegare denne sessongen, noko som gjorde at laget hadde litt forskjellige tankar i hovudet før kampen i dag. Men no kom me hit og var suverene nesten heile kampen. 

– Dei fleste spelarane på dette laget spelte ikkje handball i forrige sessong, og no er dei nesten fylkesmeisterar. Det er heilt vilt! No har me berre ein kamp igjen, vinner me denne blir me fylkesmeisterar.

 

Til toppen