FORVIRRA: Aldri før har engasjementet rundt ei sak i den vidaregåande skulen vore større enn det den er no. Elevane er redde og forvirra over reglementet, skriv styremedlem i AUF Sogn og Fjordane, Henrik Thorsnes Lefdal. Foto: Privat.
meiningar
FORVIRRA: Aldri før har engasjementet rundt ei sak i den vidaregåande skulen vore større enn det den er no. Elevane er redde og forvirra over reglementet, skriv styremedlem i AUF Sogn og Fjordane, Henrik Thorsnes Lefdal. Foto: Privat. (Foto: Arbeidarpartiet)
meiningar

Det er ingen SKAM å snu, Torbjørn!

Aldri før har engasjementet rundt ei sak i den vidaregåande skulen vore større enn det den er no. Elevane er redde og forvirra over reglementet.

KOMMENTAR: Både elevar, foreldre og lærarar saknar tillit. Foreldre forstår ikkje kvifor dei ikkje kan skrive melding om at sonen eller dottera deira er sjuke. Legekontora viser vekk elevar som ikkje nærmar seg grensa. Køyreskulane og elevar forstår ikkje korleis ein skal klare å få tatt førarkortet. Torbjørn, høyrer du oss ikkje? 

Fylkesutvalet for opplæring med Karianne Torvanger i spissen skal ha stor takk for at dei har vedteke at obligatorisk køyreopplæring, som glattkøyring, langkøyring og oppkøyring, er gyldig fråvær. For eit fylke som Sogn og Fjordane er førarkortet ein sjølvsagt velferdsgrunn. Om ein går yrkesfag så er ein i ei fleste tilfelle avhengig av å ha førarkort for å få læreplass. Dette ser ein spesielt innanfor bygg, anlegg og teknikk og industriell produksjon. Likevel er dette berre eit problem ved dei nye fråværsreglane. 

Den nye regelen din Torbjørn gjer det rett og slett umogleg å vere menneskje. Du kan korkje forsove deg, eller vere sjuk utan legeerklæring. Du meiner at ein ikkje treng å gå til legen før ein nærmar seg 10%, men ærleg talt Torbjørn, kven veit kor mykje sjuk ein er i løpet av eit skuleår? Ein ser i tillegg at legekontora har sprengt kapasitet for at elevar skal kunne dokumentere at det faktisk er spy som ligg i bøtta. Regelen går ut over dei som er alvorleg sjuke, eller skadar seg akutt, då ein ser at så mykje som 10 % av legane sin arbeidsdag går til å ta i mot sjuke elevar. Ved mange legekontor nektar dei no å ta i mot elevar som ikkje har nådd fråværsgrensa. Elevane står igjen som spørsmålsteikn, og er redde, fortvila og mistar tillit til systemet.   

Den nye regelen din Torbjørn råkar ikkje berre skulkarane, men og dei som blir mobba, slit med depresjon, eller andre psykiske lidingar. Det er ikkje like lett for denne gruppa å sei i frå til ein lærar, helsesøster eller til foreldre at dei har problem. Tiltak må komme før regel. Ein bør etter mi meining bruke midlar for å fange opp dei som slit, og hjelpe dei til å kome på beina att. Om ein som slit får vite allereie i September at han ikkje kjem til å få karakter i eit eller fleire fag, kjem denne eleven til å fortsatt møte til undervisning? Svaret er nei. Ikkje berre kjem dette til å føre til at eleven kanskje droppar ut av den vidaregåande skulen, men eleven kjem òg til å bruke meir enn tre år på å få seg vitnemål. 

Kjære Torbjørn Røe Isaksen, dette er ikkje rett veg å gå. Dette er mange skritt i feil retning. Det er på tide at du snur. 

Henrik Thorsnes Lefdal
Styremedlem i AUF Sogn og Fjordane

Til toppen