Sogn: – Havet har eit uutnytta mattilbod me burde hausta mykje meir av. Det er veldig mykje velsmakande der, seier Marianne Nilsen, marinøkolog og førsteamanuensis på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.

– Det er ingenting i fjæra som er veldig dårleg for deg å eta
Det seier marinøkolog Marianne Nilsen. Ho meiner me burde hausta mykje meir frå havet av mange grunnar.