TRU PÅ TOMMY: Jonas Gahr Støre ser ingen problem med alderen til Tommy Aarethun (24), som er nominasjonsnemnda i Lærdal Arbeidarparti sin ordførarkandidat. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRU PÅ TOMMY: Jonas Gahr Støre ser ingen problem med alderen til Tommy Aarethun (24), som er nominasjonsnemnda i Lærdal Arbeidarparti sin ordførarkandidat. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Det er klart Tommy kan vera ordførar

Jonas Gahr Støre ser ingen problem med at Lærdal kommune kan ha ein 25 år gamal ordførar neste år.

Onsdag skreiv Porten.no at Tommy Aarethun (24) er nominasjonsnemnda i Lærdal Arbeidarparti sin ordførarkandidat før kommunevalet neste år. 

Går alt etter planen, vil Lærdal ha ein 25 år gamal ordførar neste år. Det ser ikkje partileiar Jonas Gahr Støre nokon problem med.

– Det er klart ein kan vera ordførar i den alderen. Me treng ikkje å reisa lenger enn til Oppland for å finna ein fylkesordførarkandidat på den alderen, seier han til Porten.no.

– Eg synest ein med Tommys bakgrunn som har hatt viktige leiaransvar i Bergen og studentmiljøet, og så engasjerer seg i politikk på heimebane, er veldig bra, og me i partiet må jobba organisatorisk slik at me støttar opp under det.

Artikkelen held fram under biletet.

KOM MED RÅD: Partileiar i Arbeidarpartiet kom med råd til Tommy Aarethun då dei møtte kvarandre måndag.
KOM MED RÅD: Partileiar i Arbeidarpartiet kom med råd til Tommy Aarethun då dei møtte kvarandre måndag.

Aarethun er i dag inne i sitt andre år som fulltidstillitsvald i studentparlamentet og har ein periode i kommunestyret i Lærdal bak seg.

Lurt å tenkja nytt

Det er framleis ikkje hundre prosent sikkert at han blir Lærdal Arbeidarparti sin kandidat. Det vert først avgjort 14. januar, men Støre trur det er lurt at dei vel å tenkje ungt og nytt.

Han understrekar kor viktig det er at dei erfarne hjelper til med råd og erfaring utan å formidla bodskapen om at her skal alt vera som før.

– Ein av ideane med å få inn nye menneske er at ein får nye blikk på ting, men eg høyrer frå nokre av partifellene at det er viktig med god rettleiing på korleis ein årssyklus er med møter og liknande, og det er noko me sentralt kan hjelpa til med. 

– Det er ein fin balanse mellom det å sleppa til nye krefter og verkeleg meina det. Eg trur det er viktig at ein har litt erfaring, ikkje berre politisk erfaring, men også frå andre ting i livet. 

Lagarbeid

Støre seier politikk i Noreg handlar om lagarbeid og ikkje er like personfokusert som til dømes i USA.

– Me har òg det, men me me blir vald på lister og er eit team. Viss alle i Ap var 24 år, ville det vore lite representativt, men det er ikkje det som er grepet. Grepet er at ein set ein ungdom i front for å visa at ein også har ungdommens optimisme og motivasjon, og så vil han få med seg eit godt lag. 

– Dessutan er dette eit av fylka der ein av utfordringane er befolkningsutviklinga, og at ein flyttar heim for å ta politisk ansvar er eit veldig positvt signal, legg han til.

Oppskrifta på ein god ordførar

Støre seier Aarethun ikkje gir inntrykk av å vera lettvint eller ein jypling på nokon måte, men har likevel nokre råd han vil gje.

– Eg trur det ligg mykje erfaring og inspirasjon i noko så enkelt og vanskeleg som demokratiet. Det gjeld å sørga for eit program som er ambisiøst og realistisk, at ein har gode kontaktar inn mot næringsliv, arbeidsliv, fagrørsla, idrett og kultur. 

– Ein dyktig ordførar er ein som får ting til å skje ved å spela på andre og førebud seg på det med eit breitt nettverk og med så god kjennskap til kommunen som mogleg. Det er oppskrifta. 

Til toppen