PERSONLEG TOUCH: Etternamnet var ikkje førstevalet, men Johannes Einemo er likevel nøgd med skiltet han har fått til Lamborghinien sin.
PERSONLEG TOUCH: Etternamnet var ikkje førstevalet, men Johannes Einemo er likevel nøgd med skiltet han har fått til Lamborghinien sin. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

– Det er litt dumt, for alle veit kven det er viss eg køyrer forbi dei i ein helvetes fart 

Det er definitivt tøft å la etternamnet ditt pryde bilskiltet på ein Lamborghini, men kanskje ikkje det smartaste i verda.

Lærdal: I sommar vart det opna for å søke om personlege bilskilt hos Statens vegvesen. Bilentusiast Johannes Einemo frå Lærdal er ein av titusenvis over heile landet som har skaffa seg eit.

– Eg skulle jo ha Lambo eigentleg då, men det var sjølvsagt opptatt, seier han.

I staden gjekk han for etternamnet. 

– Det er litt dumt, for alle veit kven det er viss eg køyrer forbi dei i ein helvetes fart. Så eg skyt meg sjølv i foten der. Men det gjer du vel uansett med ein slik bil, det er ikkje så mange av dei, seier Einemo og nikkar i retning den knallgule Lamborghinien, ein Murcièlago, som har fått æra av å bere namnet hans.

Då Statens vegvesen publiserte oversikta 25. september var det tretten sogningar som hadde punga ut dei 9000 kronene det kostar for eit personleg skilt. Sjå lista nedst i saka.

Johannes Einemo seier han gjorde det mest for gøy, men nokre tonar av alvor ligg det bak skiltstuntet.

– Det har alltid vore eit tabu i Norge med personlege bilskilt. Når ein endeleg først kan gjera det, så var det berre å slå til. Det viser at det har blitt litt enklare i dette landet å eiga litt spesielle bilar og gjera litt spesielle ting med dei. Så dette er ein liten triumf, seier Einemo.

Her er lista over personlege bilskilt i Sogn: 

  • Aurland: MINERVA
  • Leikanger: SOGNDAL
  • Luster: GEOVEST, HJORT
  • Lærdal: EINEMO, GOLFEN, NILS
  • Sogndal: BERSERK, BOYSEN
  • Vik: CARLV, CARLVI
  • Årdal: I9RBK17, SOFIE
Til toppen