TUNGT: Astrid Trulssen (Venstre, t.v.) og Britt Sanden (Sp) tykte begge det var tungt å stemma for nedlegging av Ljøsne skule, men meiner det var nødvendig sett frå ein realistisk ståstad. Foto: Ole Ramshus Sælthun
TUNGT: Astrid Trulssen (Venstre, t.v.) og Britt Sanden (Sp) tykte begge det var tungt å stemma for nedlegging av Ljøsne skule, men meiner det var nødvendig sett frå ein realistisk ståstad. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Det er med tungt hjarte

Britt Sanden (Sp) og Astrid Trulssen (V) trur og håpar på eit meir samansveisa Lærdal når skulesaka no er avgjort. 

Lærdal: – Borna kjenner kvarandre så godt frå barnehagen. Og eg trur dei blir litt meir frampå av å koma i større venekrinsar tidlegare, seier Trulssen.

Det var rimeleg klart på førehand at sju stemmer frå Ap og Høgre til saman ville gå for nedlegging av Ljøsne skule, og sju av stemmene frå Senterpartiet pluss SV si stemme ville gå for å oppretthalda Ljøsne skule. Difor har stemmene frå Trulssen i Venstre og Sanden i Sp hamna i fokus dei siste dagane.

Les også: Ljøsne skule blir lagt ned

– Me er ni som stemmer for nedlegging

Audun Mo (Ap) var i debatten klar på at det ikkje var dei to damene sine stemmer som avgjorde denne saka.

– Me er ni som stemmer for nedlegging, ikkje ein eller to.

Og at stemmene frå Trulssen og Sanden ville gå for nedlegging har i realiteten vore klart lenge.

– Eg meiner det skal vera eit likt tilbod til alle elevane i Lærdal, med likt læreverk. I dag har alle tre skulane ulike læreverk. Også når det gjeld det sosiale for elevane er litt større miljø gjerne eit pluss. Eg har lese nøye papira i denne saka, og her må me høyra på fagfolk, ikkje synsa. For dette er ikkje faget vårt. Men, det er med tungt hjarte, seier Britt Sanden.

Difor hadde ho også hatt ei klar meining om saka lenge:

– Før nominasjonsprosessen sa eg at eg aldri ville vera med på å oppretthalda tre skular. Det har eg vore open på heile vegen. At eg har følt på eit visst press frå partiet er klart, og eg forstår dei som er idealistar i denne saka. Men eg er realist, og meiner at dette er rett. Skal eg vera med i politikken, må eg også få gjera meg opp eigne meiningar.

Sanden kom med som fast representant til kommunestyret i september samstundes med Vidar Gram ettersom Johanne Gjesdal Mo og Marit Breistøl måtte folkeregistrerast i kommunane dei fekk jobb i.

– Eg er lærdøl som bur på Ljøsne

Astrid Trulssen møtte for Venstre, ho er 1.vara og tok plassen til Frode Myklebust ettersom han var på ferie.

– Eg hadde bestemt meg for lenge sidan. Eg har gått gjennom planane og sett på tala og gjort meg opp ei meining utifrå det. Eg har hatt born og barnebarn som har gått på Ljøsne skule, og det har vore ein god skule. Men eg ser at miljøet på skulen blir i minste laget. Eg er lærdøl som bur på Ljøsne. Og eg har fått mange støtteerklæringar dei siste dagane. Mange meiner nok at dette ikkje er nokon veg utom.

Dette poenget er viktig for dei to; at innbyggjarane i Lærdal først og fremst er lærdøler framfor øyringar, ljøsningar og borgynder.

Borna på Ljøsne går i barnehagen på Øyri. Alle elevane i kommunen går ungdomsskulen på Øyri, og då Trulssen er redd denne vil lida dersom ein hadde halde fram med tre skular. Her er lærartettleiken nesten det halve av kva den er på Tangen skule, som Lærdal samanliknar seg med.

– Skulen på Øyri dit alle skal må sleppa å ha sparekniven hengande over seg. Og eg trur folk vil flytta til Lærdal heller fordi me har gode skular enn tre skular. Men eg har hatt ilt i magen dei siste dagane.

– Ser for lite framover

TRIST DAG: Jakob Vik har jobba ved Ljøsne skule i ein mannsalder. Saman med mange andre frammøtte såg han politikarane i Lærdal leggja ned skulen med minste moglege margin.
TRIST DAG: Jakob Vik har jobba ved Ljøsne skule i ein mannsalder. Saman med mange andre frammøtte såg han politikarane i Lærdal leggja ned skulen med minste moglege margin.

Mange tilhøyrarar hadde møtt fram då saka om nedlegging av Ljøsne skule vart handsama. Jakob Vik var ein av dei. Han såg politikarane leggja ned skulen han har vore lærar ved og rektor for i ein mannsalder.    

– Eg tykkjer dei ser for lite framover, både når det gjeld busetjing og at skulen var eit hovudargument for å få tunnel forbi Ljøsne. Kjem ikkje tunnelen, får det store konsekvensar for landbruket i bygda. Og det blir mykje betre kontakt mellom lærarar og elevar på ein liten skule.

  

Til toppen