NEI TIL SØNDAGSOPENT: Distriktssekretær i LO Sogn og Fjordane Nils Petter Støyva meiner at søndagsopne butikkar vil føre til større belastning og krevje meir av arbeidstakarane. Arkivfoto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune
meiningar
NEI TIL SØNDAGSOPENT: Distriktssekretær i LO Sogn og Fjordane Nils Petter Støyva meiner at søndagsopne butikkar vil føre til større belastning og krevje meir av arbeidstakarane. Arkivfoto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune
meiningar

– Det er nok å handle seks dagar i veka

Les kommentaren om nei til søndagsopne butikkar av Nils Petter Støyva, distriktssekretær i LO Sogn og Fjordane.

  • Endret

Rett før palmehelga sende den blå-blå regjeringa på høyring eit lovforslag om å tillate søndagsopne butikkar. Forslaget vil liberalisere og endre lov "om helligdager og helligdagsfred" slik at alle butikkar kan halde søndagsope. Tilrådinga vil i praksis gjere helg om til kvardag. Endringa betyr ei dobling av tal tilsette i Noreg som må forhalde seg til søndag som arbeidsdag. Dette vil vere eit uakseptabelt brot på dei godt innarbeidde fellesskapsverdiane i det norske samfunnet.

Regjeringa sitt forslag til lovendring handlar ikkje berre om dagligvarebutikkar, men all handel. Undersøkingar viser at  245 000 tilsette i varehandelen vil i større og mindre grad måtte arbeide på søndagar. I tillegg kjem 47 000 arbeidarar i tilgrensande bransjar. I Sogn og Fjordane vil omlag 6000 bli ramma av lovendringa. Dette vedkjem m.a. frisørar, kafétilsette, tilsette i næringsmiddelindustrien, reinhaldarar, vektarar og varetransportørar.

Søndagsopne butikkar vil føre til større belastning og krevje meir av arbeidstakarane. Skift og overtidsarbeidet vil auke for ei gruppe arbeidstakarar som allereie har mykje ubekvem arbeidstid. I desse bransjane er det ofte låglønna kvinner som vert ramma. Det vert mindre fridom for den einskilde arbeidstakar og det vert auka fokus på forbruk, og mindre fokus på frivillegheit, fritid og miljø.

Liberalisering av søndagshandelen vil vere konkurransevridande til fordel for store aktørar som kjøpesenter og kjedebutikkar. Mindre butikkar i særleg i distrikta, men også i sentera våre kan lett bli utkonkurrerte og må legge ned. Søndagsopne butikkar vil svekke lønsemda i varehandelen. Dette vil medføre butikkdød og sentralisering av handelen.

Søndag har alltid vore ein heilagdag og fridag der familien har hatt prioritet framfor handel og anna yrkesaktivitet. I ein travelt og oppkava kvardag treng vi annleisdagen.  Annleisdagen gir rom for rekreasjon, kvile, kyrkje, fellesskap og samvær med venner og familie. Vi treng annleisdagen til frivillig arbeid, idrett og kultur. Forslaget er etter mitt syn direkte familiefiendtleg.

Det er slett ikkje noko folkekrav med søndagsopne butikkar. Undersøkingar viser at over 60% av innbyggarane i landet seier nei. NHO handel, Virke,  LO, miljørørsla, kyrkja og store deler av handelstanden seier nei til forslaget. Søndagsopne butikkar vil i neste omgang føre til eit "sjudagarssamfunn". Dette er slett ikkje ønskeleg. Difor  er det eit viktig verdival å seie eit rungande nei til søndagsopne butikkar. Vi får vone at Venstre og Krf stoppar set ein stoppar for forslaget når det kjem til handsaming i Stortinget. For meg er det nok å gå i butikkar og handle seks dagar i veka. Den sjuande dagen må vi lytte til det 3. bodordet i Bibelen som seier at "Du skal halde kvildagen heilag".

Til toppen