– Det er tydeleg at det er noko i fjella her

Kåre Lerum sa det best: – Dette var ein mektig konsert. Sjå bilete frå festkvelden her.

Årdal: Så bra var nyttårskonserten at dirigent Helge Øren, som elles nektar å rangere konsertane deira, meinte dette «kvalitetsmessig er det beste eg har vore med på med denne gjengen».

Dirigenten innrømmer at han sjølv var rørt opp til fleire gonger undervegs i konserten.

Sjå bilete frå konserten øvst i artikkelen.

– Å sjå son min Mathias (Degnepoll Øren journ. anm.), som me aldri får høyre spele fordi han ikkje bur her, kome tilbake og levere det han gjer. Men også at me presterer slik som me gjer – snikkarar, lærarar og ingeniørar som møtest éin gong i veka for å øva, sa Øren, som var full av lovord om gjengen som nettopp hadde stått på scena.

Alnæs: – Heilt fantastisk

I knapt to timar varte festen. Med Frode Alnæs til å lose korpset, kompet og solistar gjennom det heile i spissen, ispedd lokale innslag av svært høg kvalitet, var dette ei konsertoppleving vel verdt jubilanten. 

I 2017 er det nemleg 70 år sidan Øvre Årdal Janitsjarkorps vart stifta. Det vart lova eit fyrverkeri på førehand, og for eit fyrverkeri det vart. Det var ikkje vanskeleg å sjå at gjesteartist Alnæs koste seg.

– Det var heilt fantastisk. Me kom hit i går med forventningar i lufta, men me fann kvarandre med ein gong på øvinga. Det har vore ei slik roleg, koseleg og varm oppleving. Dei har ein heilt unik måte å jobba på, der dei har sett saman dette sjølv og bestilt arrangement på mine låtar. Det var veldig fantasifullt og flott, konstaterte Alnæs medan nøgde konsertgjengarar tufla heim og skyt inn med ros til mannen som var med å stifte Dance With a Stranger.

Amatørar og proffe smelta saman

Når sant skal seiast, kunne jo ting gått begge veger når glade amatørar møter profesjonelle musikarar, men laurdag kunne ein knapt skimte forskjellen. Det var ein slags likeverdi over det heile. Det var gjennomført, presist og profesjonelt.

– Viss me får samla kreftene og dreg i same retning med god hjelp frå næringslivet, slik me har fått til denne konserten, er alt mogleg, seier Øren.

– Me er glade amatørar, og det kjem me alltid til å vere, men det er lov å tenkje profesjonelt og ha visjonar og draumar. Av og til har me kanskje gapt over for mykje, men me har alltid fått den drahjelpa, og då er det mogleg, legg han til.

– Musikkmiljøet i Årdal er unikt

Bidragsytarane var det mange av til konserten. Kvar for seg bidrog dei til å skape ein festkveld som nok vil feste seg i minnet til publikum i lang tid.

– Eg elskar dette. Dette er grunnfjellet i Musikk-Noreg. Eit korps som dette betyr så mykje for staden og musikklivet. Og så ser ein her på scena kor mange flinke talent som har sprunge ut av dette og kjem tilbake for å bidra. Me blir heilt like når me står på scena, der musikken står i fokus, meiner Alnæs, som alltid har sett opp til musikkmiljøet i Årdal.

– Det er unikt. Eg hugsar det frå me byrja å spele med Dance With a Stranger med Per Hillestad og Lava-gjengen, Karl Seglem og jazz... Årdal har eit godt ord på seg, og i dag høyrte me kvifor. Det er heilt tydeleg at det er noko i fjella her som set i gang noko kraftfullt.

Kåre Lerum takka for mektig konsert

At det heile vart sett stor pris på, fekk mangeårig korpsmedlem Kåre Lerum sett ord på etter konserten. Han les ei helsing han hadde skrive til jubilanten og fortalte kva korpset har betydd for han gjennom eit langt liv, der han også takka for ein mektig konsert.

– Korpsmusikk var etter krigen med på å skape optimisme og humør hjå folk. Det fine med korps er det skapa samhald og sosialt nettverk i både gode og dårlege tider, og her spelar alle saman uansett alder. Det byggjer bru mellom generasjonar på ein bra måte, sa han og takka alle eldsjeler som har bidrege i korpset opp gjennom åra.

Lerum kom også med ei utfordring til korpset.

– Eg ønksjer dykk velkomne til å delta i paraden og konsertane i sentrumparken i Sogndal i august i samband med Lerum sitt 110-årsjubileum, sa han til ståande applaus frå publikum.

Til toppen