Sogndal: – Små kvardagsgleder er undervurdert, seier MOT-koordinator og ungdomsarbeidar i Sogndal Anne Marthe Kvale.
Anerkjenne dei ein møter
– Du treng ikkje å gi vekk noko eller å kjøpa noko. Det å verdsetja dei du møter trur eg har mykje å seia. Me treng å bli verdsette og sett.
Det er frivillige, for det meste ungdommar, som får ting til å skje denne dagen. Ungdommane starta med å dela ut klementin, twist, peparkaker og MOT-drops i Kaupanger og i Sogndal.
– Vi prøver å gleda andre i kvardagen og prøver å få mest mogleg til å føla seg sett, seier Kvale.
Gjer ein kjempearbeid
Dagen blei avslutta med eit føredrag av Stian Sivertzen på meieriet som var gratis for alle.
– MOT gjer ein kjempearbeid rundt om i skulane. Då eg blei spurt om å vera med, så visste eg ikkje heilt kva det var. Eg var litt redd for at det skulle vera for mykje fokus på kva du ikkje skal gjera. Men MOT har ei veldig fin vinkling. MOT prøver å få alle til å bli sett, at alle skal bry seg og gleda andre, fortel Sivertzen etter å ha snakka om karriera si som snowboardkøyrar.
MOT ambassadør

Sivertzen er nettopp blitt ambassadør og held mange føredrag rundt om i landet. Her fortell han om motstanden han har fått gjennom karriera og korleis han har handtert det.
– Det er viktig med samhold. Eg har jobba med mange ulike grupper og ser at det å inkludera andre gjer at du får eit mykje betre miljø og får mykje tilbake for det, seier Sivertzen.
Jobbar året rundt
MOT Sogndal jobbar ikkje berre med å spreia glede på denne dagen, men jobbar året rundt under arrangement, gjennom skulebesøk og løp til inntekt for gode formål.
– MOT til å gleda dagen er ein fin dag å legga vekt på at du òg må gleda andre resten av året, seier Kvale.