HEIMEMEDISIN: Miriam Wicklund har samla på kjerringråd i meir enn 30 år. Løysinga på mange vanlege helseplager har dei fleste i heimen, meiner ho. FOTO: Gorm Kallestad / NTB scanpix /
HEIMEMEDISIN: Miriam Wicklund har samla på kjerringråd i meir enn 30 år. Løysinga på mange vanlege helseplager har dei fleste i heimen, meiner ho. FOTO: Gorm Kallestad / NTB scanpix /

Det finst kjerringråd mot nesten alt

Miriam Wicklund har samla tusenvis av kjerringråd mot hundrevis av helseplager. Sjølv svelger ho 20 heile peparkorn dersom ho kjenner ei forkjøling er på veg.

  • Endret

Miriam Wicklund har samla tusenvis av kjerringråd mot hundrevis av helseplager. Sjølv svelger ho 20 heile peparkorn dersom ho kjenner ei forkjøling er på veg.

– Kjerringråd verkar, det er eg ikkje det minste i tvil om. Men alle råda fungerer ikkje for alle. Du må sjølv teste og finne ut kva som hjelper deg best, fastslår Miriam Wicklund, som er aktuell med boka «De aller beste kjerringrådene».

Det er den ellevte boka hennar om temaet. Interessa for kjerringråd starta på byrjinga av 1980-talet, då ho jobba i NRK som programleiar for «Nitimen». Etter kvart fekk ho sin eigen programpost, enkelt og greitt kalla «Kjerringråd».

POTEMJØL PÅ NASEN: Miriam Wicklund meiner potemjøl er eit bra middel mot kviser, eksem og andre hudirritasjonar.
POTEMJØL PÅ NASEN: Miriam Wicklund meiner potemjøl er eit bra middel mot kviser, eksem og andre hudirritasjonar.

– Eg har samla kjerringråd i meir enn 30 år. I den nye boka har eg med dei aller beste. Dersom eg ikkje tar mykje feil, er det 2199 råd mot 303 plager, fortel Wicklund.

Pepar, eddik, tomat

Forkjøling er ei typisk vinterplage Miriam Wicklund held i sjakk ved hjelp av noko  dei fleste har heime. Ho svelger 20 heile peparkorn, utan å tygge dei, saman med litt vatn.

– Du må ikkje spørje meg kvifor det funkar. Eg veit berre at det gjer det på meg, så lenge eg tar dei tidleg nok. Har forkjølinga tatt tak, er det for seint. Det høyrest kanskje frykteleg ut med 20 peparkorn, men det svir ikkje i det heile tatt. Det er heller ikkje farleg, men eg tilrår det ikkje dersom ein har magesår. Den einaste biverknaden eg har høyrt om med dette rådet, er litt treg mage, seier Wicklund, som aldri eigentleg har vore så veldig glad i pepar.

Har ho hikke, fuktar ho ein sukkerbit med litt eddik, vel å merke berre 5 eller 7 prosent eddik. Hikken forsvinn ved å suge på den søte «eddiksukkerbiten», ifølgje 67-åringen.

– Det er også utruleg mykje anna som kan kurerast med ting ein har heime. Litt malt pepar stoppar blodet frå å renne frå småsår, blodet koagulerer med det same. Ketsjup verkar mot solbrentheit, det same gjer tomatskiver. Sitronsaft i kaffi hjelper mot hovudverk. Grønsåpe verkar mot mykje forskjellig, som sår, tette mjølkegangar, leddsmerter, endetarmsplager og kløande insektstikk, seier ho.

Likeins har mange andre kvardagslege varer – som sukker, salt, kanel, egg, kvitløk, ingefær, olivenolje, potet, potetmjøl, yoghurt og øl – kurerande effektar på sine måtar, meiner kjerringrådeksperten.

Leitar etter groblad

Wicklund trur ordet «kjerringråd» kjem av at det var kvinnene rundt om på gardane som fekk i oppdrag å lindre plagene til barna – og andre folk. Mange av kjerringråda har truleg overlevd i hundrevis, kanskje tusenvis av år. Og nye råd har komme til på grunn av tilfelle eller eksperimentering, eller fordi eit godt råd har blitt spreitt frå kjerring til kjerring og frå bygd til bygd.

MOT HOSTE: Her rørast olivenolje saman med honning, ei blanding som skal hjelpe mot hoste.
MOT HOSTE: Her rørast olivenolje saman med honning, ei blanding som skal hjelpe mot hoste.

– I mangel på legevitskap og medisinar prøvde folk å kurere seg sjølve og andre med ting dei fann i naturen eller hadde for handa. Fleire naturmiddel som vart brukte i gamle dagar, inngår i dag i ulike medisinar. Mange urter og planter har utvilsamt god effekt. Sjølv samlar eg groblad om våren, frys dei ned og tar dei fram når det trengst. Groblad kan brukast mot for eksempel myggstikk, utslett, sår og kviser, mens te av groblad er godt mot bronkitt og magetrøbbel, seier Wicklund.

Ho hentar også andre verknadsfulle planter direkte frå naturen, blant anna hagtornblomst, brennesle og prikkperikum (johannesurt). Eit oljeuttrekk av sistnemnde blir eit fantastisk middel mot lettare brannsår, hevdar ho.

Men ho understrekar at ein må vite kva planter ein plukkar og vere nøye med å følgje åtvaringar. Fleire urter kan nemleg reagere med legemiddel, og nokre urter bør ikkje brukast av gravide.

– Ein må sjølv ta ansvar for å bruke kjerringråda rett og med varsemd, og råda er ikkje meint som erstatning for legebesøk eller medisinar. Men eg sikker på at mange kan bli overraska over kor godt mange av kjerringråda verkar, slår ho fast.

Ti av Wicklunds kjerringråd

RETT NED: Miriam Wicklund anbefalar å svelgje 20 heile pepperkorn mot begynnande forkjølelse.
RETT NED: Miriam Wicklund anbefalar å svelgje 20 heile pepperkorn mot begynnande forkjølelse.

1. Forkjøling: Svelg 20 heile peparkorn saman med litt vatn når du kjenner at du er i ferd med å bli forkjølt.
2. Hovudverk: Press safta frå éin sitron og tilsett ein kopp med varme kaffi. Drikk og legg deg nedpå i cirka 25 minutt. Det verkar nesten like bra å svelge éi matskei pulverkaffi oppløyst i sitron.
3. Sår: Vask og reins såret før du legg på groblad med oversida av bladet mot såret. Hugs å bruke ferske blad, som er vaska før bruk.
4. Kviser: Knus vaska groblad og legg på kvisene med gasbind eller plaster over. Er du heldig, merkar du betring etter berre nokre timar. Kokt løk på kvisene kan også ha ein god verknad, og det same gjeld potetmjøl.
5. Solbrentheit: Kan lindrast ved at ein legg knust tomat på den såre huda ein halvtimes tid. Ketsjup skal også funke, og det same gjer Aloe vera.
6. Hikke: Ha litt eddik (5 eller 7 prosent) på ein sukkerbit. Hikken forsvinn når sukkerbiten er sogen opp. 
7. Reisesjuke: Sett ein plasterlapp over navlen.
8. Kløe: Mal opp vassarve og ha i badevatnet.
9. Kvefsestikk: Legg ei skive slangeagurk på stikket. Grønsåpe og groblad er blant andre middel som også skal hjelpe.
10. Trøske: Denne soppinfeksjon, som ofte oppstår som kvitt belegg i munnen hos spedbarn, kan kurerast med tyttebærsaft. Før i tida var det vanleg å smørje tunga med urinen til barnet for å bli kvitt plagene, og enkelte meiner framleis det funkar.Kjelde: «De aller beste kjerringrådene» av Miriam Wicklund, Kagge Forlag.

Råd frå myndigheitene

Helsedirektoratet opplyser at dei på generell basis verken rår frå eller oppmuntrar til bruk av kjerringråd.

Per Magne Mikaelsen, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, understrekar at råd om helse bør bli gitt av kvalifisert helsepersonell ut frå ei vurdering av kva som blir sett på som fagleg forsvarleg i kvart enkelt tilfelle.

 

Til toppen