HELTEINNSATS: Johnny Steensen (midten) og Roar Gilbu (til venstre) reiste opp til rasstaden for å dirigere trafikken og hindre at andre køyrte inn i raset i Gudvangen. Dagen etter mottok han blome som takk for hjelpa frå ordførar Noralv Distad. Foto: Arne Veum.
HELTEINNSATS: Johnny Steensen (midten) og Roar Gilbu (til venstre) reiste opp til rasstaden for å dirigere trafikken og hindre at andre køyrte inn i raset i Gudvangen. Dagen etter mottok han blome som takk for hjelpa frå ordførar Noralv Distad. Foto: Arne Veum.

– Det føltes ut som ein Hollywood-film​

Då raset gjekk i Gudvangen, heiv Johnny Steensen og Roar Gilbu seg i bilen for å dirigere trafikk og sjekke at ingen var skadd. Med det redda dei truleg fleire liv.

Gudvangen: Det var i 17.00-tida tysdag ettermiddag at innbyggjarane i Gudvangen høyrte steinar rase ned fjellsida om lag éin kilometer unna. 

Steensen hadde vore på ein køyretur då han kom tilbake på campingen han driftar. Der fortalte ein gjest og sambuaren hans om raset som hadde gått lenger oppe i dalen.

– Medan me snakka kom det eit ras nummer to. To ras kjem sjeldan åleine, så eg tenkte at det tredje kom snart. Så me heiv oss i bilen og køyrte opp til rasstaden, der det låg små steinar i vegen. Eg hadde bange aningar om at ras nummer tre kom snart, og det gjorde det. Då starta me jobben med å stoppe trafikken, fortel Steensen.

– Eg trur nok me berga 6-7-8 liv, det er eg sikker på. I tillegg var det ein trailer som nekta å følgje ordre og byrja å leggja seg forbi. Eg opplevde situasjonen som ganske dramatisk.

Artikkelen held fram under biletet.

FEKK BLOME: Gilbu og Steensen mottok kvar sin blome frå ordføraren onsdag.
FEKK BLOME: Gilbu og Steensen mottok kvar sin blome frå ordføraren onsdag.

Stod midt i raset

Steensen fortel om steinar på storleik med ein minibuss som kom ned fjellsida og dundra i vegbana. E16 er no stengt, og tysdag føremiddag starta jobben med å reinske fjellsida før rydding og reparering av vegbana kan starte.

Etter å ha varsla vegtrafikksentralen og politiet, kom naboen med ein pick-up. 

– Me køyrte opp for å sjå at ingen var skadde. Me køyrte så langt me kom, og så kom det eit ras medan me stod midt i det. Eg har aldri løpt så fort nokon gong. Det føltes ut som ein Hollywood-film, fortel han.

Sterkt å oppleva

Dagen derpå vert Steensen hylla som helt av mellom anna ordførar i Aurland, Noralv Distad. Tysdag føremiddag besøkte han Steensen og gav han ei gåve som takk for hjelpa.

Artikkelen held fram under biletet.

SPERRAR VEGEN: Store steinar sperrar vegen i Gudvangen.
SPERRAR VEGEN: Store steinar sperrar vegen i Gudvangen.

– Det var ein fantastisk innsats. Me er kjempeglad for at ingen er skadd eller at det gjekk menneskeliv. Det blir ofte sagt at det er flaks det ikkje går menneskeliv, men gong på gong opplever ein at folk tek ansvar i slike situasjonar og tenkjer meir på andre enn seg sjølv, seier Distad til Porten.no. 

– Ved at han tenkte på andre og fekk dirigert vekk bilar, ser dte ut til at han har berga menneskeliv, så me er utruleg takknemlege for innsatsen som er gjort. Det er sterkt å oppleva at folk gjer ein innsats på den måten.

– Ikkje det smartaste eg har gjort

Sjølv seier Steensen at han berre gjorde jobben sin.

– Det første eg tenkte var å få folk i tryggleik og få varsla. Det er høge fjell og vanskeleg å sjå at det kjem steinar dersom ein køyrer bil. Hadde desse køyrt inn i raset, ville dei vore døde. Eg oppfatta ikkje situasjonen så dramatisk der og då, men når eg har sett bilete og video i ettertid, så ser eg at det ikkje er det smartaste eg har gjort, seier han med eit smil.

Til toppen