Det går så det susar for Nille

Det går så det susar for Nille

Sidan butikken opna i Årdalsenteret i oktober 2013, har kundande strøyma på. - Eg storttrivst i denne jobben, her er så mange kundar og mykje å gjera, at tida berre fyk avgarde, smiler butikksjef Janne Bjørvik (22).

Bjørvik har ikkje løyve til å gå ut med tal, men seier skråsikkert at det går svært bra med butikken, heilt frå første stund, og fram til no.

Sjølv har ho jobba i 100 prosent stilling sidan butikken "Nille" opna i Årdalsentert , medan Anita Kvammen Pedersen er tilsett i halv stilling. I tillegg ligg det no til rette for to tilkallingshjelparar.

MYKJE Å HENGE FINGRANE i: Dagleg leiar og butikksjef for Nille i Årdalsenteret, seier at tida flyg avgarde fordi det er så mange kundar i butikken.
MYKJE Å HENGE FINGRANE i: Dagleg leiar og butikksjef for Nille i Årdalsenteret, seier at tida flyg avgarde fordi det er så mange kundar i butikken.

Mykje kundar frå starten

Frå første dag har det vore svært mange kundar i butikken. 

- Det er mest damer i butikken, og mange faste kundar. Ungar dreg med seg vaksne for å handla, og det gjeld både damer og menn, ler Bjørvik, som ikkje ser noko skilnad i kva kjønna kjøper.

SEL UNNA LYS: Nille sel hundrevis av lys kvar dag, alt frå telys, duftelys, kubbelys og kulelys.
SEL UNNA LYS: Nille sel hundrevis av lys kvar dag, alt frå telys, duftelys, kubbelys og kulelys.

Sel  unna godteri, interiør og lys

Dei tre varegruppene som har blitt mest selde så langt i 2015, er 1)Godteri, snacks, drikke 2)Interiør og oppbevaring 3)Lys; duftelys, kubbelys og kulelys. Butikken kan trekkja mykje liknande statistikk frå 2014.

Bjørvik fortel at dei kvar einaste dag får høyra nøgde kommentarar frå kundane som seier at dei har så mykje fint og rimeleg, og at dei er glade for at "Nille" starta opp i Årdal. 

- Me får nye varer kvar måndag, i tillegg til at eg bestiller inn att varer som folk vil ha meir av, seier ho til Porten.no  (artikkelen held fram under biletet)

HAUST: - No er det haustsesong, og butikken bugnar allereie i haustsaker, ler Bjørvik.
HAUST: - No er det haustsesong, og butikken bugnar allereie i haustsaker, ler Bjørvik.

Tidleg ute med sesong-varer

Vidare fortel ho at det er eit viktig prinsipp for butikken å vera best og tidleg på "sesong-varer".

- Varer som har med haust, vinter, jul, vår, sommar, halloween, påske, pinse, 17.mai og liknande får me tidleg inn, og desse skal fronta butikken slik at kundande ser det tydeleg, forklarar ho.

"Nille" har lagt seg på ei nisje der dei sel og har mest av lys, godteri, fest- og feiring-saker, kjøkkenartiklar, kontor- og skulesaker, heimetekstil, garn, oppbevaring, velvære, hygiene, interiør og reingjering.

- Handlar folk flest her fordi det er rimleg trur du? 

- Målet til Nille er ikkje å vera billegast, men å vera rimelege med god kvalitet.

Til toppen