GROR GODT: Sebastian Kaldestad, som har teke ut sonelaget på gutesida, seier det gror godt i Årdal. Her er Eirik Lereng i aksjon for Jotun. Foto: Kai Wigum.
GROR GODT: Sebastian Kaldestad, som har teke ut sonelaget på gutesida, seier det gror godt i Årdal. Her er Eirik Lereng i aksjon for Jotun. Foto: Kai Wigum.

– Det gror godt i Årdal

Både Jotun, ÅTIL og Lærdal er godt representert på Sogn sitt kretslag før kretsserien tek til.

Torsdag blei sonelaga i Sogn og Fjordane offentleggjort før den såkalla Sparebanken Sogn og Fjordane-serien tek til seinare i oktober.

Til saman er Årdal og Lærdal godt representert med sju spelarar på henholdsvis Sogn sitt jente- og gutelag. 

Sebastian Kaldestad, som har stått for uttaket av gutelaget, fortel kva dei ser etter når dei tek ut spelarar på sonelag.

– Me ser etter spelarar som mentalt er klare for det, og som viser noko ekstra når det gjeld innsatsvilje og at dei vil noko med fotballen. 

– Og så ser me sjølvsagt etter ferdigheiter og ofte etter ekstremferdigheiter; dei som har noko ekstra når det gjeld fysikk, hurtigheit, førstetouch, orienteringsevne, ja, heile spekteret, seier han til Porten.no

Ikkje gitt at desse lykkast

Kaldestad fortel at her blir dei aller beste tekne ut, men at dei prøver så godt det let seg gjera å få til at så mange klubbar som mogleg er representert og få referansar.

– Me tek ut dei som er best, og som me me meiner kanskje har størst potensiale. Dette er ei moglegheit til å spela mot gode jamnaldringar, og det er viktig i eit spelarutviklingsperspektiv, men ikkje avgjerande i den alderen der, held han fram.

– Det er viktig å poengtera at det fullt mogleg å lykkast sjølv om ein ikkje er med i eit slikt uttak. Det kjem heilt an på kva trening ein legg ned dei neste 5–8 åra. Ein skal ikkje henga med hovudet av den grunn.

– Gror godt i Årdal

Av dei tre klubbane Porten.no dekker, er Jotun best representert med sine fem spelarar. ÅTIL og Lærdal har begge éin spelar med.

– På sonenivå har det grodd godt i Årdal dei seinare åra. Det varierer jo litt frå kull til kull og klubb til klubb, men ein har tatt nokre grep i aldersbestemt, spesielt i Jotun, når det gjeld trenarutdanning.

– Det vil ha noko å seia for spelarane som kjem opp. Trenarutdanning er ein form for spelarutvikling det også. Det er kjempebra at ein får eit system på dette, rosar han.

Dette er også ein moglegheit for spelarane å visa seg fram for ein toppklubb som Sogndal. 

Følgjande spelarar er tatt ut på sonelaget:
Jotun: Sara Brandsdal, Asmund Kjellson Nesse, Eirik Lereng, Jørgen Natvik og Simen Mannsverk.
ÅTIL: Stian Hellebø.
Lærdal: Ragnhild Fossen Bolstad.

Kampane skal spelast 18. oktober, 1. november og 29. november i henholdsvis Reed, Førde og Sogndal.

Til toppen