BLIR UTFORDRA: Marianne Valsvik (14,f.v.), Benedikt Arsenault (15) og Marita Ylvisåker Aaberg (14) er med damene på seniorlaget og trenar tysdagar og torsdagar. Foto: Ole Ramshus Sælthun
BLIR UTFORDRA: Marianne Valsvik (14,f.v.), Benedikt Arsenault (15) og Marita Ylvisåker Aaberg (14) er med damene på seniorlaget og trenar tysdagar og torsdagar. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Det gror i årdalshandballen

Tre spelarar frå aldersbestemt trenar for tida med seniorlaget til Jotun/Åtil. Marita Ylvisåker Aaberg (14) er også utteken til ei "spissa gruppe-samling".

Årdal: - Det er gøy å koma opp her og få litt fleire treningar, seier Ylvisåker Aaberg.

- Me får større motstand. Og Olli er veldig flink til å forklara, legg Marianne Valsvik (14) til.

Begge dei to jentene pluss Benedikt Arsenault (15) trenar tysdagar og torsdagar med damene på seniorlaget. Trenar Olafur Sveinsson fortel dei tre har den rette innstillinga. 

Vil bli så god som mogleg

- Det er veldig postitivt at dei får prøva seg her og vesentleg for handballen i bygda. Ein bør starta tidleg på senior for å ha best moglege sjansar til å lukkast. Kjem ein opp først som 16-17-åring blir det tøffare, desse får ein meir glidande overgang til seniornivå.

- Kva potensiale har dei?

- Alt handlar om eigen innsats og vilje. Dei er ivrige på trening og så må me i støtteapparatet gje dei best mogleg rettleiing.

Medan dei to jentene spelar på dei aldersbestemte 14- og 15-årslaga, er Benedikt Arsenault på 16-årslaget fordi det ikkje finst 15-årslag for gutar.

- Kor langt håpar de å nå?

- Eg vil no bli så god som mogleg, seier Ylvisåker Aaberg.

- Først og fremst handlar det om å utvikla seg vidare, legg Arsenault til.

Einaste frå Sogn i spissa gruppe

Ylvisåker Aaberg er også utteken til samling, såkalla "spissa gruppe" for jenter fødde i 2002. På samlinga på Sotra møter ho jamaldrige frå Sogn og Fjordane og Hordaland, og ho er ei av berre fire jenter frå fylket som er med i si gruppe - den einaste frå Sogn.

Artikkelen held fram under biletet

SPISSA GRUPPE: Marita Ylvisåker Aaberg raga høgt med venstreslegga på skottreninga under tysdagens økt. Til helga skal ho vera med på "spissa gruppe"-samling på Sotra.
SPISSA GRUPPE: Marita Ylvisåker Aaberg raga høgt med venstreslegga på skottreninga under tysdagens økt. Til helga skal ho vera med på "spissa gruppe"-samling på Sotra.

- Eg er veldig nervøs og veit eigentleg ikkje så mykje anna enn at eg skal trena og spela med andre frå dei to fylka. Me får sjå korleis det går.

Trenar Sveinsson meiner ho har gode føresetnader. 

- Uttaket er ein bonus. Marita er venstrehendt, høg, har god motorikk og koordinasjon. Så alt ligg til rette. Det er også bra at dei har førebilete som Hege Bakken Wahlquist og Rebecca Brun Steinheim.

Til toppen