Lærdal: – Dei er kameratar på sin hals. Aldri noko kjekling eller trøbbel, berre moro, seier Geir Aarethun, trenar for 13/14-årslaget.
Måndag kveld avslutta lærdølene sesongen med 6-1-siger heime mot Sogndal 3 i 2.divisjon, niar-/sjuarserien. Fasiten er dermed ni sigrar og ein uavgjort i haustsesongen. 46-8 i målskilnad.
– Ein solid sesong, kan ein vel seia. Me har vunne fire pokalar i ulike turneringar, mellom anna futsal innandørs, fortel Aarethun.
Håpar på ellevarlag i 15/16-årsklassen
Samstundes har ein ikkje klart å stilla seniorlag i Lærdal denne sesongen, heller ikkje føregåande. Og rekrutteringa frå aldersklassane som har kome opp på senior dei siste åra har heller vore skral.
– Det har ligge litt brakk i fire år. På laget vårt er det sju trettenåringar og seks fjortenåringar. Så det hadde vore moro å få til eit ellevarlag i 15/16-årsklassen komande sesong.
Aarethun har følgt dei same gutane sidan starta å spela som fem- og seksåringar. Fire av dei er også kursa til dommarar så dei kan dømma yngre aldersklassar.
– Spørst kor mange me får behalda
– Me har desse tretten å jobba med, i Sogndal er det registrert 52 spelarar i same aldersklasse. Med så mange kan dei jo toppa eitt lag, og då blir det vanskeleg å samanlikna nivåa. Men me har no fått det bra til, tykkjer eg.
– Kan desse vera det som skal til for å stabla eit seniorlag på føtene att?
– Det hadde vore moro å få til om eit år eller to. Så spørst det jo kor mange me får behalda. Det er problemet på stader som Lærdal - mange reiser vekk etter kvart.