TRØKK: Det var god trøkk i treninga Porten.no vitja denne veka. Foto: Ole Ramshus Sælthun
TRØKK: Det var god trøkk i treninga Porten.no vitja denne veka. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Det handlar om å gjera kvar enkelt så god som mogleg

Laget som nesten vart trekt frå serien fordi det knapt fanst noko lag har vunne alle kampane i første del av sesongen. Trenar Olafur Sveinsson held likevel beina på jorda.

Årdal: – Det er potensiale i bygda til å ha eit bra seniorlag. Alle brikkene må på plass - ikkje berre spelarar, men trenarar og støtteapparat også. Men me har ein veldig positiv trend på gang, seier Sveinsson.

Resultatmessig kunne det i alle fall ikkje ha gått betre - seks av seks kampar er vunne.

Les også: Damene med sin sjette siger på rad

Rett nok var Jotun handballflaggskipet i fylket med to sesongar i 1.divisjon fram til nedrykket i 2012 - og to nye nedrykk dei påfølgjande åra.

– Har lukkast gradvis

Men i august i år, rett før seriestart, såg det altså ut til at det ikkje ville bli noko handballag i bygda i det heile. To veker før sesongen starta bestemte styret likevel at det skulle stillast lag.

Les også: Det blir handball i Årdal denne sesongen

Trass i at det er snakk om «berre» 4.divisjon, må oppreisinga frå oska seiast å vera imponerande.

– Klubben og styret har lukkast gradvis - det har vorte jobba hardt, seier Sveinsson.

Artikkelen held fram under biletet

BREIDDE: Treanar Olafur Sveinsson (i bakgrunnen) har ein stall med både unge, talentfulle og meir røynde spelarar.
BREIDDE: Treanar Olafur Sveinsson (i bakgrunnen) har ein stall med både unge, talentfulle og meir røynde spelarar.

– Det handlar ikkje om opprykk

No har Jotun/Åtil ein miks av unge talent og røynde spelarar, intensiteten under treninga Porten.no vitja denne veka var stor og harmonien ser ut til å råda.

Les også: Det gror i årdalshandballen

Sveinsson tek likevel ikkje av.

– Det har gått over all forventing til no, og me vil heva oss ytterlegare. Samstundes skal me halda beina på jorda.

– Seks sigrar av seks moglege - kan ein ha ambisjonar om opprykk?

– Eg forheld meg til utviklingsfrasen - no handlar det ikkje om å rykka opp, det handlar om å gjera kvar enkelt spelar best mogleg. Så får klubben heller justera planane og ambisjonane etter kva nivå me kjem på.  

Til toppen