FEILPRIORITERING: Den blåblå regjeringa har gjennom sin regjeringsperiode ført ein politikk som ikkje passar saman med løfta deira om tilrettelegging for private bedrifter, men heller ei tilrettelegging for bankkontoane til dei rikaste i landet vårt, skriv Sindre Hornnes.
meiningar
FEILPRIORITERING: Den blåblå regjeringa har gjennom sin regjeringsperiode ført ein politikk som ikkje passar saman med løfta deira om tilrettelegging for private bedrifter, men heller ei tilrettelegging for bankkontoane til dei rikaste i landet vårt, skriv Sindre Hornnes. (Foto: Illustrasjon)
meiningar

Det handlar om å skape ei ny retning 

Kor lang tid tar det før vi ser fruktane av dei over 20 milliardar kronene som vart investert i skattekutt der 49 % gjekk til Noregs 5 % aller rikaste? spør Sindre Hornnes i fylkesstyret i AUF Sogn og Fjordane.

Då klokka slo tolv på nyttårsaftan gjekk vi inn i eit år som mange har høge forventningar til. For over 133 000 nordmenn utanfor arbeidslivet, er det derimot eit år knytt til usikkerheit. Når statsministeren hadde sin årlege nyttårstale, var eit av emna den høge arbeidsledigheita i landet vårt. Erna sa tydeleg ifrå om at vi som politikarar må legge til rette for nye private jobbar, men at vi treng dristige kvinner og menn som må skape dei. Eg er heilt einig med ho. Likevel er det her einigheita vår skil lag. 

Eg meinar at problemet for den aukande arbeidsledigheita ligg i prioriteringane til dagens regjering. Problemet er at regjeringa ikkje har utnytta dei midlane dei har hatt til rådighet på korrekt måte. Den blåblå regjeringa har gjennom sin regjeringsperiode ført ein politikk som ikkje passar saman med løfta deira om tilrettelegging for private bedrifter, men heller ei tilrettelegging for bankkontoane til dei rikaste i landet vårt. 

I motgangstider er det ein kjent strategi at ein må investere pengar for motverke dei dårlege trendane. Det er noko den sittande regjeringa har gjort, men tiltaka deira har ikkje gitt ein god nok effekt på arbeidsmarknaden. Dei har satt rekord i bruk av oljepengar og for første gong sidan oppstarten av statens pensjonsfond, så tar vi ut pengar for å dekke oppom ein feilslått politikk. Dei brukar arvesølvet vårt på skattekutt. 

Skattekutt til dei rikaste er likevel ein sentral del av høgrepolitikken, då dei meiner at det vil føre til auka investeringar og auka velferd. Hittil har vi dermed sett lite av dei resultata som vart lova. Kor lang tid tar det før vi ser fruktane av dei over 20 milliardar kronene som vart investert i skattekutt der 49 % gjekk til Noregs 5 % aller rikaste? 

Politikken til Arbeiderpartiet går ikkje ut på å gi meir til dei som har mest, medan det sit 133 000 einskilde personar som ikkje har nokon jobb å gå til. Vi ynskjer ein aktiv stat som satsar endå meir i ein marknad der andre ikkje tør å investere. Vi ynskjer meir midlar til forbetring og utbygging av veg, meir midlar til oppussing av utsletne offentlege bygg og ei satsing på gründerutvikling. 

Under dei Raudgrøne sine to regjeringsperiodar vart det skapt om lag 360 000 arbeidsplassar. Sidan 2013 då Erna & Co kom til makta, har det blitt skapt om lag 25 000. Det er tydeleg kven som setter arbeid for alle som prioritet nummer ein. Valet som er om omtrent 250 dagar, handlar om å skape ei ny retning for landet vårt. Vi må få ei regjering som tek tak i arbeidsledigheitskrisa vi er inne i, ikkje ei som avfeiar at den eksistera! 

Sindre Hornnes 

Leiar av Førde AUF 

Fylkesstyret i AUF i Sogn og Fjordane

Til toppen