SISTE HÅP: Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, fortel det er eit lite, siste håp for at kapitaliseringsrenta blir sett ned gjennom vedtak i møte i Finanskomiteen laurdag. Arkivfoto
SISTE HÅP: Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, fortel det er eit lite, siste håp for at kapitaliseringsrenta blir sett ned gjennom vedtak i møte i Finanskomiteen laurdag. Arkivfoto

– Det handlar veldig mykje om velferd i kommunane

Liv Signe Navarsete forstår ikkje kvifor Framstegspartiet går mot å setja ned kapitaliseringsrenta frå 2017, men meiner at ikkje alt håp er ute.

Indre Sogn: – Framstegspartiet går av ein eller annan grunn mot å setja ned kapitaliseringsrenta, utan at eg forstår kvifor, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.

Ved å setja ned kapitaliseringsrenta frå 4,5 prosent til 3 prosent omgåande ville kraftkommunane få litt mindre stramme budsjett inn i det komande året. Det er snakk om nesten 400 millionar kroner til saman for nesten 200 kommunar.

Les også: – Kommunane leikar ikkje butikk

Lærdal, Årdal og Aurland ville få ein stad mellom 15 og 20 millionar kroner meir til saman å spela på komande budsjettår dersom denne renta vart sett ned.

Les også: Kommunane deira kan få 17-18 millionar ekstra til 2017-budsjettet

– Dobbel effekt

Stortingsrepresentant Odd Omland frå Arbeidarpartiet stilte i førre veke finansminister Siv Jensen (Frp) om ho ville setja ned renta omgåande ettersom det er eit fleirtal for dette på Stortinget.

Tysdag kom svaret frå Jensen - kapitaliseringsrenta skal stå uendra på 4,5 prosent, inga førjulsgåve frå det haldet, med andre ord.

Les også: Får ikkje millionane dei hadde håpa på

– Me håpar å få KrF og Venstre til å forstå at dette handlar veldig mykje om velferd i dei små kommunane. Ettersom regjeringa, med støtte frå støttepartia, også har lagt om inntekssystemet blir det dobbel effekt i desse kommunane.

– Vil ikkje Jensen endra renta berre for å vera vanskeleg?

– Eg trur eigentleg det, for å vera ærleg. Det er eit veldig enkelt grep. Lærdal er døme på ein kuttkommune som ville spara mange arbeidsplassar om renta vart sett ned. Difor blir møtet på laurdag svært viktig.

Les også: – Det er ekstremt alvorleg

Eit siste halmstrå laurdag

Møtet Navarsete viser til føregår i Finanskomiteen. Dei ulike komiteane er sette saman av partirepresentantar som om lag tilsvarar samansettinga i Stortinget. I dei ulike komiteane blir det gjort vedtak for budsjettområda tilhøyrande respektive komite. Laurdag skal finanskomiteen gjera vedtak for slikt som skattepolitikken i statsbudsjettet, og her kan det vera eit siste halmstrå.

– Det blir viktig å halda fram kampen i denne saka og det er i finanskomiteen  debatten høyrer heime. Ap bør vera med på ei endring av denne renta - for så vidt er dei det, men me må sondera litt med dei og støttepartia.

Skulle sonderinga tyda på at det er fleirtal for å endra renta frå 2017, kan det koma framlegg om dette i komitemøtet laurdag. Blir det då fleirtal, blir renta endra.

– Men då skal ein vera temmeleg sikker på at det ligg eit fleirtal der - blir det fremja ei sak og den blir nedstemt tener det saka dårleg. Og det ville vera veldig dumt for ei sak det er politisk fleirtal for på Stortinget, for det handlar slik sett berre om tidspunktet, seier Navarsete.

– Føler kraftkommunane har ei god sak

Aurlandsordførar Noralv Distad styrer kommunen som mistar definitivt mest inntekter grunna «kunstig høg» kapitaliseringsrente. For Aurland sin del er det snakk om 10-12 millionar kroner skilnad mellom ei rente på 4,5 prosent kontra tre prosent.

SKUFFA: Aurlandsordførar Noralv Distad styrer kommunen som blir verst råka i Indre Sogn av høg kapitaliseringsrente. Arkiv
SKUFFA: Aurlandsordførar Noralv Distad styrer kommunen som blir verst råka i Indre Sogn av høg kapitaliseringsrente. Arkiv

– Eg hadde håpa at det vart teke ei positiv avgjer før nyttår, og slik sett er eg skuffa. Det Jensen skriv må tolkast som at denne endringa ikkje kjem no, men at vurderinga vil bli gjort seinare. Det betyr i alle høve utruleg mykje for oss.

– Du er sjølv tilhøyrande i eitt av to regjeringsparti- føler du deg svikta av dine eigne i denne saka?

– Eg er veldig nøgd med at Høgre og Frp saman med støttepartia er med på å vurdera kapitaliseringsrenta. At det ikkje skjer i haust er eg skuffa over, men eg legg til grunn at blir gjort seinare. Eg føler kraftkommunane har ei god sak - og det er ikkje berre snakka om nokre få kommunar, faktisk gjeld dette halvparten av kommunane i landet. 

 

Til toppen