TRAVELT: Steinar Grønsberg og Liv Jorunn Vestreim har hatt ein travlare sommar enn dei fleste andre. Aurland Røde Kors har hatt mange oppdrag denne sommaren. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRAVELT: Steinar Grønsberg og Liv Jorunn Vestreim har hatt ein travlare sommar enn dei fleste andre. Aurland Røde Kors har hatt mange oppdrag denne sommaren. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Det har vore ein travel sommar

Men det er Aurland Røde Kors blitt vande til. Tysdag var dei ute på nok eit oppdrag.

Aurland: Då ei kanadisk kvinne omkom i ei fallullykke tysdag, bidrog Aurland Røde Kors i aksjonen slik som mange gongar før denne sommaren. Berre to veker tidlegare omkom ein guide i Flåmsdalen, det også truleg ei fallulykke.

Sidan byrjinga i juni har hjelpekorpset blitt kalla ut fleire gonger for å assistere turgåarar i vanskar, eller i verste fall frakte ned ein omkomen person. Leiar i hjelpekorpset, Steinar Grønsberg, seier dei har eit godt samarbeid med politi og luftambulanse.

– Det har vore ein travel sommar, men det har me hatt før og kjenner godt til det. Det er i Flåmsdalen og Aurlandsdalen dei største utfordringane våre ligg, seier han.

– Men det er dette me driv med, skyt leiar for Aurland Røde Kors, Liv Jorunn Vestreim, inn. 

«Alle» treng hjelp

Lokallaget tel i dag 40 personar som er godkjende til å bidra i aksjonar. Desse set av fritida si til å hjelpe andre i naud. Og det kan vere folk i alle aldrar, erfarne som uerfarne, nordmenn som turistar.

– Det er som sagt Aurlandsdalen og Flåmsdalen som er mest populært. Her er det enkeltpersonar som legg ut på turar sjølv om dei ikkje er så godt kjende. Heldigvis er det ikkje fleirtalet som gjer det, seier Grønsberg. 

– Det varierer voldsomt kven me må hjelpa. Dei siste som har trengt hjelp i Aurlandsdalen er godt vaksne som meg sjølv. Dei legg ut på tur til Austerbø og trur det er ein lett tur, men så viser det seg å vera meir krevjande.

Vestreim legg til at den populære turen er flott og forholdsvis kort, men at ein burde vera førebudd med god trening og riktig utstyrt. Ho trur det er mange som overvurderer eigne evner.

Overvurderer eigne evner

Til samanlikning med Aurland, har det vore langt færre tilfelle i til dømes Jotunheimen, som alltid er eit ynda turmål om sommaren. 

– Kvifor er det slik?

– Eg veit ikkje. Kanskje det er slik at folk som går i Jotunheimen reknar med tøffe forhold og langt å gå. Aurlandsdalen er jo berre ein liten avstikkar, tenkjer nok mange. Men når dei er på veg nedover får dei til dømes høgdeskrekk. Dei forreknar seg, svarar Vestreim.

– Men det er klart alle kan vera uheldige når det er blautt og sleipt. Då kan ein fort falle, og då kan de gå gale uansett kor erfaren ein er, legg ho til.

Skilting med turinformasjon

Eit tiltak som kan bidra til betre opplysing av både innbyggjarar og besøkande er å setja opp skilt. I førre veke var Røde Kors i møte med Verdsarvparken for å diskutere dette. 

– I alle år har det vore ulykker, og det har me lyst til å gjera noko med. Ved hjelp av skilt kan ein få til litt tryggare ferdsel der ein opplyser om kva ein burde ta omsyn til og turskildringar, seier Snædis Bjarnadóttir, som kallar tiltaket stadstilpassa tryggleiksinformasjon.

Desse skilta skal koma opp i forkant av neste sesong. Inntil då kan det vere greitt å ha med seg nokre tips frå Røde Kors.

– Det er viktig å tenkje at det ikkje er mobildekning over alt, så det er ikkje alltid at ein får tak i hjelp like raskt. Elles er det viktig å ha med seg riktig utstyr og bruka vitet, seier Vestreim.

Til toppen