VAG: Ekspertane Porten.no har snakka med tykkjer valkampen har vore prega av få saker som er viktige for fylket og få valløfter – her førstekandidatane frå dei tre største partia i fylket; Ingrid Heggø (Ap, f.v.), Liv Signe Navarsete (Sp) og Frida Melvær (H). (Bilde: Arkiv)

Stortingsvalet 2017

– Det har vore færre valløfter for Sogn og Fjordane enn før

Valekspert Knut Henning Grepstad tykkjer valkampen har vore keisam her i fylket, medan NRK Sogn og Fjordane-journalist Erlend Blaalid Oldeide stussar over at samferdsle ikkje har hatt same plassen i valkampen som tidlegare. Begge trur ein må vera lenga oppe om ein skal gå til sengs med rimeleg visse om kven som blir statsminister. 

– For Sogn og Fjordane sin del har me lagt tilbake ein traust og kjedeleg valkamp. Fordi det har vore få Sogn og Fjordane-spesifikk tema, seier Grepstad.

Dei to han nemner er regionreforma og utjamning av nettleiga.

– Utover det er det veldig få tema som har vore spesielle for Sogn og Fjordane. Kandidatane vil jo det beste for fylket, men særskild i denne valkampen der statsminister- og regjeringsspørsmålet har vore hovudsaka, er det ikkje mobilisert spesielt her i fylket. Så det er godt valkampen er ferdig og at me får resultatet, held han fram.

– Færre merkesteinar

Erlend Blaalid Oldeide er journalist i NRK Sogn og Fjordane og har politikk som spesialfelt. Mellom anna har han gjennom valkampen hatt alle partia inne til utspørjingar.

Ein ting har han merka seg:

UTSPØRJINGAR: NRK-journalist Erlend Blaalid Oldeide har hatt utspørjingar med alle partia.
UTSPØRJINGAR: NRK-journalist Erlend Blaalid Oldeide har hatt utspørjingar med alle partia. Bilde: NRK

– Det har vore litt annleis enn tidlegare; me har fått færre konkrete løfter. Som regel er det nokre merkesteinar i ein valkamp, som tunnel gjennom Vikafjellet eller kvar kystvegen skal byggjast. I år har det vore færre. Og det er første gong at ikkje samferdsle er den viktigaste saka, i alle fall så lenge eg har jobba med dette.

– Kvifor få løfter, trur du?

– Ein grunn kan vera at partia lovar mindre fordi media har vorte flinkare til å sjå dei i saumane. Og det er jo ein fin ting, for ein skal ikkje lova noko ein ikkje kan halda.

– Mange konstellasjonsalternativ

Spennande ligg det i alle høve an til å bli; veka før valet har tala i meiningsmålingane balansert på ein knivsegg i høve om ei raudgrøn eller ei blå blokk får fleirtal. I tillegg låg både Venstre og Miljøpartiet De Grønne og vippar akkurat rundt sperregrensa på dei siste målingane før valet. KrF har ikkje vore langt over den magiske grensa, dei heller.

VALEKSPERT: Knut Henning Grepstad
VALEKSPERT: Knut Henning Grepstad Bilde: Arkiv

– Valresultatet ved dei seinare vala har synt at meiningsmålingsarbeid er ein krevjande sport. Det har vore til dels store avvik frå det endelege resultatet. Det gjer spenningsmomentet spesielt stort. Så det er all grunn for alle veljarar å gje si røyst, om ein vil vera med og påverka. Me har berre to statsministerkandidatar, men mange konstellasjonsalternativ. Korleis ei regjering blir samansett er det verkeleg opne og store spørsmålet, seier Grepstad

Som vel kjent for dei fleste står det mellom at Erna Solberg frå Høgre held fram som statsminister eller om Jonas Gahr Støre frå Arbeidarpartiet tek over roret. Mykje tyder på at ei Solbergregjering blir beståande av Høgre og Frp, med ein form frå støtte frå Venstre og Kristeleg Folkeparti, men sistnemnde har gjort det klart at dei ikkje går inn som formelt støtteparti gjennom ein avtale som i den tilbakelagde fireårsperioden, då blir det snakk om støtte frå sak til sak.

Korleis ein raudgrøn konstellasjon vil bli sjåande ut er noko meir uklart. Mest truleg vil den bli beståande av i alle fall Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Om SV då også går inn som regjeringsparti, verkar heilt i det blå, men dei vil i alle høve støtta ei raudgrøn regjering. Det same vil Raudt, men dei vil ikkje Gahr Støre ha med i regjering. Han vil heller ikkje ha MDG med i regjering. Og MDG seier ganske enkelt dei støttar regjeringsalternativet med best miljøpolitikk.

– Omsynet til Distrikts - Noreg blir påverka 

Grepstad meiner det får noko å seia for Sogn og Fjordane kva blokk som blir «vinnaren».

– Utifrå korleis desse fire åra har vore og korleis dei føregåande åtte var, så ser me at omsynet til Distrikts - Noreg blir påverka av om det blir det eine eller andre alternativet. Og det speglar att at me ikkje har hatt nokon frå Sogn og Fjordane i regjeringsapparatet den siste perioden. Då snakkar eg om heile apparatet, med statsrådar, statssekretærar og det heile. Dersom det blir ei blå regjering att trur eg dei bør eller gjer klokt i å ta fleire frå eit lite fylke som Sogn og Fjordane inn i regjeringsapparatet.

Det som derimot er sikkert, er at Sogn og Fjordane får fire inn på Stortinget. At den eine kjem frå Senterpartiet og den andre frå Arbeidarpartiet er nærast eit faktum. Om den tredje plassen er det relativt ope; Høgre ligg best an, men Sp har også ein fair sjanse til å få inn ein kandidat til. 

Les også: Har ikkje gitt opp kampen om stortingsplass

– Det avgjerandre her blir i kva grad Sp har vore like gode som før til å mobilisera i sluttfasen. Og i kva grad kysten, då særskild eit stort floramiljø, har samla seg om å få inn ein høgrekandidat. Høgre sin førstekandidat Frida Melvær kjem frå Askvoll, seier Grepstad.

Så er det den fjerde representanten frå Sogn og Fjordane – det berømmelege utjamningsmandatet

– Alle fylka har eitt utjamningsmandat. Det fungerer slik at alle røyster i heile landet blir lagt i ein pott, altså at heile landet fungerer som ein valkrins. For å konkurrera om desse utjamningsmandata må partia koma over 4 prosent, det vil seia sperregrensa. Men utover det blir det å synsa om kva parti som får utjamningdsmandaten i det einskilde fylket reint lottospel. Det er ein formel bestemt av Stortinget som avgjer dette, men å tippa kven som får det i framkant er eigentleg umogleg.

Familien Klingenberg frå Årdal på NRK Sogn og Fjordane si valsending

Så – har du tenkt å sitja oppe så lenge at du går til sengs i visse om kven som blir statsminister? Då kan det fort bli ei lang natt.

– Det avhenger heilt av om me ser tydelege tendensar tidleg. Det kan vera klare tendensar, det kan bli lang dags ferd mot natt og det kan bli som i 1977, der det bikka att og fram også dagen etter valet. Så dette er svært spennande for ein som er veldig interessert i val, seier valeksperten

Blaalid Oldeide i NRK er inne på det same.

– Eg trur dette blir så spennande og jamt at det kan sjå annleis ut når folk står opp att enn kva det gjorde når folk gjekk og la seg. 

Sjølv har han og resten av NRK Sogn og Fjordane store planar for valnatta

PÅ NETT-TV: Trude Klingenberg (Sp) og pappa Knut Arne (H, i bakgrunnen) blir å sjå på NRK Sogn og Fjordane si valsending måndag kveld.
PÅ NETT-TV: Trude Klingenberg (Sp) og pappa Knut Arne (H, i bakgrunnen) blir å sjå på NRK Sogn og Fjordane si valsending måndag kveld. Bilde: Arkiv

– Me slår verkeleg på stortromma i år me eiga nett-TV-sending. Nye Larris scene på Sunnfjord hotell blir politisk storstove i kveld; dit kjem alt som kan krypa og gå innan det politiske i fylket. Me har også utegåande reportarar rundt om, fortel Blaalid Oldeide, som sjølv skal leia Nett-TV-sendinga saman med Silje Guddal.

Han fortel også at ein av dei utegåande reportarane skal følgja ein politisk engasjert og politisk ueinig familie i Årdal – familien Klingenberg med far Knut Arne som er høgremann og dottera Trude som er senterpartist.

– Så då er det store spørsmålet kva mor stemmer. Det blir veldig bra, humrar Blaalid Oldeide.

Til toppen