SOM SØKT, SÅ GJORT: Hotell Mundal slepp eigedomsskatt dersom politikarane i Sogndal kjem til same konklusjon som rådmannen i kommunen. Foto:  Hotel Mundal  av  Bosc d'Anjou  lisensiert under  CC BY .
SOM SØKT, SÅ GJORT: Hotell Mundal slepp eigedomsskatt dersom politikarane i Sogndal kjem til same konklusjon som rådmannen i kommunen. Foto:  Hotel Mundal  av  Bosc d'Anjou  lisensiert under  CC BY . (Foto: Bosc d'Anjou/Flickr)

Det historiske hotellet slepp eigedomsskatt

Hotelleigar og investor Ola Moe får truleg viljen sin.

Fjærland: Først sende han inn søknad til kommunen om å få rive 125 år gamle Mundal Hotell i Fjærland. Men kjapt viste det seg at målet var å skape blest om eigedomsskatten, som investoren oppfatta som urimeleg.

Hotellet går nemleg i minus, samstundes som behovet for rehabilitering er stort.

– Bygningen har svake takkonstruksjonar. Det er ikkje slikt som ramlar ned i morgon. Men viss det ikkje blir gjort noko med dei nærmaste åra, så vil det bli alvorlege skader, har hotelleigar Ola Moe fortalt tidlegare til Porten.no

Les også: Hotelleigar ber om hjelp til å berge Hotel Mundal
Les også: Eigaren har tru på ei løysing for Hotel Mundal

No har han fått gehør hos den administrative leiinga i Sogndal kommune. Rådmann Jostein Aanestad skriv i tilrådinga til formannskapet, det politiske organet som skal avgjere saka, at Mundal Hotell bør få fritak.

Det blir grunngjeve med den historiske verdien til hotellet og at det står fram nærast slik det vart bygd i 1891.

Vi har enno ikkje lukkast med å nå Ola Moe for ein kommentar.

Til toppen