MYKJE TRAFIKK: Det er ikkje avsett midlar til betringstiltak på fylkesveg 243 i Aurland, noko som betyr at trafikktilhøva opp til Stegastein truleg blir som i fjor. Foto: Roger Ellingsen/Statens vegvesen.
MYKJE TRAFIKK: Det er ikkje avsett midlar til betringstiltak på fylkesveg 243 i Aurland, noko som betyr at trafikktilhøva opp til Stegastein truleg blir som i fjor. Foto: Roger Ellingsen/Statens vegvesen.

Det kan bli problem med trafikktilhøva hit i sommar også

Det er ikkje avsett midlar til utbetring av fylkesveg 243, noko som betyr at trafikkproblema til Stegastein vil vedvare i sommar.

Aurland: I fjor sommar var det store trafikale problem på vegstrekninga opp til Stegastein når turistsesongen er på sitt beste.

Truleg vil desse vedvare denne sommaren sidan det ikkje sett av pengar til fylkesvegen i Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt investeringsbudsjett. Spørsmålet dukka opp under kommunestyret torsdag då Marianne Holme lurte på om det var planar for trafikkavviklinga. 

– Det er ikkje avsett midlar per no, men Aurland kommune har hatt møte med fylkeskommunen og Statens vegvesen der me har sett på problema med vegen. Då har me både sett på dette med trafikkavvikling og tiltak som må gjerast, svarte ordførar Noralv Distad. 

Mindre tiltak med stor effekt

I januar hadde Aurland kommune møte med Statens vegvesen og Sogn og Fjordane fylkeskommune om tilstanden på vegen. Der kom dei fram til at det er strekninga mellom Vinjane og Ås som har det største behovet for utbetring. 

Det er også utarbeidd ein rapport for den populære turistvegen, også kjend som Snøvegen, som vart opna for 50 år sidan i år. 

– Her er det snakk om mindre tiltak som me håpar kan løysast med vedlikehaldsbudsjettet. Kommunen har sendt inn innspel Vegvesenet og fylkeskommunen om kva tiltak me vil prioritere, men førebels har me ikkje motteke svar, sa Distad. 

Marknadsføre heile fjellet

Når jubileet til vegen skal feirast 1. juni i sommar, skal Aurland vera vertar for eit fellesmøte med Vegvesenet tidlegare på dagen, der truleg fylkesvegen blir eit tema. 

– Me har hatt synfaring og håpar at mindre tiltak kan ha ein ganske stor effekt. Me må vera merksam på at sjølv om det køyrer over 700 bilar der i juli månad, er det 200 under talet som passerte før Lærdalstunnelen opna, men då var trafikken spreidd over heile døgnet. No er det meir konsentrert, fortalte ordføraren, som meiner eit godt tiltak kan vere å marknadsføre heile fjellet for å dempa trafikken noko.

Til toppen