Indre Sogn: Det er berre å finne fram shortsen og bikinien, for denne veka blir det strålande vêr i Indre Sogn. Ikkje nok med at sola viser seg frå si beste side, men også temperaturane vil stige til sommarnivå.
– Årsaka er eit høgtrykk som kjem med varmluft sørfrå og legg seg over Sør-Skandinavia. Høgtrykket har med seg framluft i tillegg til ei sol som framleis varmar, forklarar Anders Sivle i Meteorologisk institutt.
Den kombinasjonen kan gi rekordhøge temperaturar i september her i Sogn.
– Det er ikkje sikkert varmluft og sol åleine ville vore nok, men saman vil dei gi rundt 20 garder i dag og opp mot 25 grader seinare i veka. Det er rekordtemperaturar eigentleg, seier Sivle.
Målestasjonane i Lærdal og Sogndal er ikkje så gamle, men for førstnemnde er rekorden 23,8 grader i september. I Sogndal er rekorden 20,3. I Førde er den høgste temperaturen som er målt i september 25 grader. Det var i 2002.
– Det er i grenseland for rekord, men uansett snakkar me tre, kanskje fire dagar med slikt vêr. Det skal mykje til for at det kjem ein gong til i 2016. Når ein ser på rekordane for september, er det i første halvdel at desse vert sett, legg han til.
Det er venta at dei fine vêret vil halde seg heilt fram til helga. Då skyar det over att.