FORLATEN: Denne hjortekalven låg død rett ved E16 i dag tidleg. Kalven vart truleg påkøyrd i natt, men ingen melde frå. Foto: Knut Fredrik Øi
FORLATEN: Denne hjortekalven låg død rett ved E16 i dag tidleg. Kalven vart truleg påkøyrd i natt, men ingen melde frå. Foto: Knut Fredrik Øi

Det kan kosta deg dyrt å stikka frå denne

Ein hjortekalv blei funnen død og forlaten på eit jorde ved E16 Lærdal i dag. Truleg er den påkøyrd. Stikk billistar av frå slike situasjonar, kan det medføra både bot og bonustap. 

Indre Sogn: – Politiet skal varslast så viltnemnda blir sendt ut. Då kan dei starta ettersøk og få avliva dyret på skikkeleg måte slik at det ikkje lir unødig, seier lensmann ved Aurland lensmannskontor, Knut Arne Klingenberg.

Når haustmørket no byrjar å senka seg og matfata for hjorten i fjellsidene ikkje bugnar på same viset som gjennom sommaren, startar høgsesongen for viltpåkøyrsler.

Les også: Lærdal har flest påkøyrslar av hjort i landet

Særskild på morgonane og kveldane blir faren for hjort som spring over vegen større ettersom hjort trekkjer ned til jorda i dalbotnen når det blir mørkt og inn att i skogen når det lysnar.

Lastebilsjåfør fekk bot for ikkje å ha meldt frå

Ein hjortekalv vart i morgontimmen i dag, tysdag, funnen død og forlaten på eit jorde ved E16 på Ljøsne i Lærdal. Kalven er sendt til analyse, og det er såleis ikkje stadfesta at det dreier seg om påkøyrsle, men den låg altså død nokre titals meter frå den trafikkerte vegen.

Ved ei påkøyrsle i Aurland i fjor der førar hadde køyrd vidare frå staden vart saka politimeld. Dette er brot på vegtrafikklova, fortel Klingenberg.

– Saka er oppgjort ved at førar har fått førelegg, altså ei bot. Her var det snakk om ein lastebil og spor på staden gjorde at me kunne spora køyretøyet, eigar og sjåfør. Så det var snakk om svært tradisjonelt politiarbeid.

CWD-ANALYSE: Den døde hjortekalven blei frakta til Borgund for testing av hjortesjukdommen CWD. Alt påkøyrd vilt blir testa slik.
CWD-ANALYSE: Den døde hjortekalven blei frakta til Borgund for testing av hjortesjukdommen CWD. Alt påkøyrd vilt blir testa slik.

Unngår bonustap om ein handlar rett

Han meiner bilistar generelt er flinke til å seia frå når dei køyrer på vilt; det er ikkje ofte dei får slike saker på lensmannskontoret. Men når det skjer, vil altså resultatet bli bot - dersom politiet finn ut kven som har køyrd på viltet utan å melda frå.

Ein annan økonomisk konsekvens av å ikkje melda frå om påkøyrsler er unødvendig bonustap. Melder ein inn påkøyrsla til politiet vil ein hjå mange forsikringsselskap sleppa å tapa bonus.

I Storebrand sine vilkår for bilforsikring står følgjande under paragrafen som omtalar skader som ikkje medfører bonustap: "Skader som skyldes direkte kollisjon med dyr, når for­ holdet omgående har blitt rapportert til politimyndigheteller viltnemnd på stedet". If har same ordning, elles varierer dette noko med ulike forsikringsselskap.

Til toppen