MÅ REISE FRÅ NOREG: Sladjana Perazic (19) (til venstre) og Marija Mudronja (31) seier det var ein tung beskjed å få at dei ikkje får bli i Noreg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MÅ REISE FRÅ NOREG: Sladjana Perazic (19) (til venstre) og Marija Mudronja (31) seier det var ein tung beskjed å få at dei ikkje får bli i Noreg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Det kom nokre tårer då me fekk beskjeden

Måndag fekk Marija Mudronja (31) og Sladjana Perazic (19) beskjeden dei hadde frykta.

– Eg sa det til Sladjana rett før møtet at kanskje me burde reisa heim til Montenegro og venta der. 

Klokka 11 måndag føremiddag fekk dei beskjeden om at dei måtte reise frå Årdal allereie same kveld med nattbussen til Gardermoen. Rundt 15.00 tysdag er dei tilbake i Montenegro, tre månadar etter at dei reiste frå heimlandet for å bli Jotun-spelarar og jobba i Noreg.

Porten.no snakkar me dei to berre timar etter at dei fekk beskjeden. Som vanleg er det Mudronja som står for praten sidan det er ho som kan engelsk best.

– Eg kjenner meg betre no, men då me fekk beskjeden kom det tårer. Me fekk ikkje sjå snøen ein gong, seier ho og ser ned i golvet.

Framleis håp

No ligg saka i Ulendingsnemnda (UNE) sine hender etter at Utlendingsdirektoratet (UDI) avviste anken. Der er behandlingstida på slike saker på rundt tre til fire månader. Sidan turistvisumet gjekk ut måndag, må dei forlate Noreg snarast råd.

– Sidan det framleis er håp må me berre halde fram med å jobba, trena og vera heime med familien og håpa på det beste, fortel Mudronja.

– Viss me tenker optimistisk, så vil dei få sjå snøen når dei kjem tilbake, skyt Jotun-trenar Olafur Sveinsson inn med eit smil om munnen.

Eit stort sakn

Dei to montenegrinske spelarane skulle koma inn som delar av ei forsterkning på tre spelarar i sommar, men har til no berre fått bidrege på trening og i garderoben med sine erfaringar og kvalitetar.

– Dei er begge to svært fine personar og står eigentleg for alt det ein ønskjer seg i eit menneske, seier islendingen.

– Me vil merka at det manglar to sterke og rutinerte spelarar på trening og kamp. Eg skulle ønska at dei kunne ha vore her sjølv om dei ikkje fekk løyve til å spela.

– Større enn oss

I midten av november vart også anken avvist. Mudronja og Perazic føler seg urettferdig behandla.

– Men det er politikk, og dette er større enn oss. Eg håpar UNE tek ei betre avgjerd, seier 31-åringen.

– Men Jotun har kjempa for oss. Eg veit ikkje kven som tek desse avgjerdene i UDI. Systemet er systemet. 

Førebur seg på ny tur til Noreg

No berer det tilbake til Montenegro på dei to, som fortel at tida i Årdal har vore fantastisk.

– Der er huset mitt og bror min med hans familie. Eg skal bu med dei, trena og prøva å finna ein jobb i mellomtida. 

Unge Perazic skal også heim til familien sin. Ho jobbar no med å læra seg engelsk medan Mudronja er i gong med å læra seg norsk i håp om å kunne praktisere det viss dei får koma tilbake til Årdal.

– Eg er i god form, så eg trur eg kan vera med i ein halv kamp utan å sjå heilt dum ut på bana. Eg kjem til å halde fram med handball så lenge eg kan, seier ho.

– Eg vil gjerne jobba med sport 50-60 prosent av tida mi etter handballkarriera. Og då vil eg trena yngre spelarar, helst gutar fordi å jobba med damer er litt komplisert, ler ho.

Kjem til å sakna Årdal

No gjenstår det berre å venta. Sveinsson seier dei vil ha god kontakt så ofte som det let seg gjera fram mot avgjerda. For dei to handballspelarane gjeld det no berre å kryssa fingrane for at UNE seier ja.

– Me kan ikkje gjera noko. Jotun kan ikkje gjera noko. Me kan berre venta. No skal me pakka, ta farvel med nokre herlege jenter og ein fantastisk trenar.

– Det blir hardt fordi me elskar det her. Me har verkeleg kosa oss. Me kjem til å sakne Årdal mykje.

Til toppen