Det lyser opp i Årdal

Sjå bileta frå tenninga av julegrana på Årdalstangen og i Øvre Årdal.

  • Endret

Årdal: – Det har vore over all forventing. Masse folk, eg torer ikkje å seia eit eksakt tal, men eg reknar med det var rundt 1100-1200 personar då grana vart tent. Det har vore omlag 600 personar inne på Gamleskulen i Øvre Årdal. Me har ein fantastisk omsetnad, seier Steinar Drægni.

Han er svært takknemmeleg for alle som har vert med og hjelpt til og ikkje minst dei som har meldt seg frivillig til dugnad. Drægni synst heile arrangementet har fungert prikkfritt, men skulle gjerne ha sett at alle trea på torget hadde lys - lysa på berre nokre av trea var tende.

Utsletne

Øvre Årdal Janitsjarkorps spelte då grana vart tent. Deretter gjekk borna rundt treet til flotte julesangar som vert spelt av korpset. Både foreldre og besteforeldre vart med og. Så fekk ungane utdelt godteposar av julenissar som kom. Nokre vert redde og gret mens nokre synst det var utruleg gøy. 

Det var mykje som måtte planleggast og setjast i hop for at arrangementet skulle gå slik dei håpa på.

– Me har jobba mykje med å få til utstillinga på Gamleskulen. Det vert samla inn juleting heile året som vert utstillt og seld. På rundt ei veke skulle alt stablast opp og setjast på utstilling. Etter heile opplegget var ferdig, var me alle utsletne etter ein lang dag med mykje arbeid. Eg kunne ikkje vore meir takknemmeleg for all hjelpa frå alle damene her på gamleskulen, seier Drægni.

 

Til toppen