Diskusjonstema:  Eventuell nattestenging av fylkesveg 53 ligg an til å bli eit heitt politisk tema utover hausten. Arkivfoto 
Diskusjonstema: Eventuell nattestenging av fylkesveg 53 ligg an til å bli eit heitt politisk tema utover hausten. Arkivfoto 

– Det mest dramatiske ein gjer er å stengja veg

Aleksander Øren Heen (SP) meiner ein skal strekkja seg langt for å unngå nattestenging av fylkesveg 53, men forsvarar at SP ikkje "freda" vegen i samferdsleutvalet.

– Det skal ikkje vera tvil om at eg for all del ikkje vil ha nattestenging på Årdal-Tyin. Å stengja veg er det mest drastiske ein kan gjera innan samferdsle. Eg meiner ein heller får leva med nokre slaghol på vegane over fjellet og for så vidt leggja ned ei bussrute eller to viss alternativet er å stengja veg, seier Øren Heen.

– Det er snakk om å vera ryddig

<strong>Ryddig:
<strong>Ryddig:

I førre veke var lista over moglege innsparingstiltak på samferdsle i fylket oppe til diskusjon i Samferdsleutvalet. Til saman må fylkeskommunen spara inn 40 millionar i denne sektoren. Punkta med moglege tiltak skal rangerast, derav nivå 1 er dei mest aktuelle innsparingane å gjennomføra, og nivå 3 dei minst aktuelle.

AP freista i møtet i det fylkeskommunale utvalet å setja nattestenging av Årdal-Tyin ned på nivå 3 allereie no, men dei fekk ingen andre parti med seg så framlegget blei nedstemd. Øren Heen sit ikkje sjølv i Samferdsleutvalet og var såleis ikkje med på røystinga, men jobbar som politisk rådgjevar for Senterpartiet si stortingsgruppe innanfor transport. Når han altså meiner ein i det lengste må unngå å stengja veg, forsvarar han at hans eige parti ikkje blei med på skjerminga av Årdal-Tyin slik:

– Lista omfattar godt over 100 moglege innsparingstiltalk. Årdal-Tyin er eitt av dei. Ein skal ikkje byrja å prioritera på dette no. Ei ordentleg handsaming må til i partia først, så konkluderer ein i haust. Det er snakk om å vera ryddig og sjå heile fylket samla. 

– Så i særklasse

Hilmar Høl sit i Samferdsleutvalet for AP og var såleis blant dei som fremja å skjerma mot nattestenging på Fylkesveg 53. Han kjøper ikkje Øren Heen sine argument:

<strong>Hastar:
<strong>Hastar:

– Me snakkar om ei innsparing på 0,4 millionar kroner. Og når ein ser kva konsekvensane av nattestenging kan bli meiner eg det må avklarast så fort som mogleg at dette er uaktuelt. Det er så mykje planar som til dømes fiberutbygging og nyregulering av hyttefelt på Tyin som ville bli råka av nattestenging at det er behov for ei kjapp avklaring. Og det kan bli ein kostbar affære for bussrutetilbodet.

– Men det er jo snakk om eitt av over hundre moglege tiltak. Har ikkje Øren Heen eit poeng når han seier ein må sjå fylket samla - eller meiner du Fylkesveg 53 står så i særklasse i høve dei andre?

– Ja, så i særklasse står den. Årdal er den tredje største kommune i fylket når det kjem til verdiskaping. Og Årdal er heilt avhengige av at vegen ikkje er nattestengd for å kunne støtta næringslivet.

Aleksander Øren Heen er også klar på at han ikkje trur Fylkesveg 53 kjem til å bli nattestengd.

– Eg trur det skal mykje til for at me kjem dit hen at me må byrja å stenga vegar.

 

Til toppen