STORT PROSJEKT: Lågblokka kjem midt på Lærdalsøyri og vil innehalde fjorten leiligheiter.
STORT PROSJEKT: Lågblokka kjem midt på Lærdalsøyri og vil innehalde fjorten leiligheiter.

Det nye bustadprosjektet i Lærdal er i ferd med å reisa seg

Byggjinga starta i januar, om eit drygt år skal dei fjorten første leiligheitene stå ferdige i sentrum av Lærdalsøyri. 

Lærdal: – Me jobbar no på. Det går framover, sjølv om betongarbeidet må venta litt i kulden, seier Terje Brugrand, dagleg leiar i Fretland Bygg.

Om litt over eit år skal første byggjetrinn i Mari-Jakobvegen midt på Lærdalsøyri stå ferdig. Her skal det koma ei lågblokk med fjorten leiligheiter, garasjeanlegg og heis. Blir salet ein suksess, vil det koma to trinn til.

FØRSTE TRINN: Slik vil blokka sjå ut når ho står ferdig.

– Ferdig utbygd vil det utgjera eit kvartal med ein stor gardsplass i midten, seier Brugrand.

Positiv ordførar

Ordførar Jan Geir Solheim er glad for at det skjer ting på byggjefronten.

– Det er ei kjempesak for Lærdal, for me treng fleire bustadeiningar og særleg i sentrum. Skal me nå måla våre i omstillingsprogrammet om fleire bustader og fleire arbeidsplassar, så er me heilt avhengige av at entreprenørar som Fretland Bygg tek tak. Det er me veldig glade for, seier han.

God etterspurnad etter bustader

FIRE ATT: Nina Øyre i Aktiv Sogn seier salet har vore greitt, men gjerne kunne vore enno betre. Foto: Aktiv Sogn

Nina Øyre i Aktiv Sogn seier dei har selt ni av dei fjorten leiligheitene i første byggjetrinn. Dei som er att varierer i pris frå to til fire millionar kroner og frå 55 til 111 kvadratmeter i storleik.

– Byggjinga er nett starta, og me reknar med at det kjem fleire kjøparar når dei ser kor fint dette vert. Dette er eit prosjekt med høg standard og mange kvalitetar, seier Øyre og lister mellom anna opp sprinkelanlegg, vannbåren varme, universell utforming, heis, vaktmeistartenester, garasjeanlegg og eit opparbeida uteareal.

– Det er det fyrste prosjektet i Lærdal der ein kan parkera inne og ta heisen rett opp i leilegheita, seier Øyre.

FØRSTE TRINN: Dei to oransje boksane viser det første byggjetrinnet. Mari-Jakobvegen ligg sentralt plassert på Lærdalsøyri. 
Til toppen