Sogndal: Det fortel prosjektleiar Fredleiv Fosse etter at han tok med formannskapet i Sogndal på ei omvisning. Han fortel at prosessen går etter skjema og at fase 1 vil vere ferdig til avtalt tid i april.
– Prosjektet vert bygd ut i to fasar. Den første skal overleverast til kommunen i slutten av april. Då startar me på fase 2, som skal stå ferdig desember 2018, seier han.
Omtrent 300 millionar kroner kostar det svære prosjektet. Det utgjer den største prosjektinvesteringa Sogndal kommune har hatt nokon sinne.
Artikkelen held fram under biletet.

– Me har ei god organisering av prosjektet, og det har vore eit godt samarbeid med brukargruppene som skal nytte bygget og likeeins med styrande organ i kommunen ved rådmann som byggeigar og den politiske leiinga i kommunen, fortel Fosse, og legg til at dei per dato held seg innanfor vedtekne rammer og planlagt framdrift for totalprosjektet.
Inneheld alle helsetenestene
Når fase 1 står ferdig i slutten av april, vil bygget bli møblert. I midten av mai flyttar dei første brukarane inn. Då vil administrasjonen innanfor helse og omsorg vere på plass. Det same vil kantine, driftskjøkken og dagsenter i tillegg til 43 bebuarrom.
I fase 2 utvidar ein prosjektet til total kapasitet på 57 bebuarrom. Fase 2 skal også innehalde legesenter, fysio- og ergoterapeut, friskliv og helsestasjon. Under heile bygget vil det bli bygt parkeringskjellar som inneheld om lag hundre parkeringsplassar.
Artikkelen held fram under biletet.

– Det blir eit komplett bygg som rommar alle helsetenestene i kommunen, held Fosse fram og legg til at heile vegen har brukargruppene vore aktiv og kome med gode innspel i planleggingsprosessen.
– Føregangsprosjekt
Ved å gjennomføre utbygginga etter ein entreprisemodell med hovudentreprise og sideentreprisar for tekniske fag, så har byggherren med prosjekteringsgruppa hatt god kontroll med sikker ivaretaking av brukarønske og kvalitetsstandard i prosjektet, forklarar Fosse.
Artikkelen held fram under biletet.

– Dette gjeld også i samband med rett teknologi og at bygget er moderne planlagt med tanke på framtidig bruk og drift. Eg kan blant anna nemna at heile bygget si oppvarming er i hovudsak basert på fordvarme levert frå Sognekraft sitt fjordvarmeanlegg med installert varmepumpe i eigen energisentral i bygget sin tekniske kjellar, seier han og legg til:
– Eg trur dette kan vere eit føregangsprosjekt.