HARD TONE: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal reagerte på det han oppfatta som sterke skuldingar mot rådmannen under sist kommunestyremøte . Foto: arkiv.
HARD TONE: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal reagerte på det han oppfatta som sterke skuldingar mot rådmannen under sist kommunestyremøte . Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Det politiske klimaet i Sogndal er på frysepunktet etter gårsdagens tøffe ordveksling

Opposisjonen i Sogndal møter motbør, etter å ha skulda rådmannen for medviten feilinformering på gårsdagens kommunestyremøte. Gruppeleiaren i Ap kallar det er eit «rått og ufint køyr» mot rådmannen. 

Sogndal: På møtet torsdag gjekk Rita Navarsete (Frp), Karin Vikane (H) og Arne Glenn Flåten (H) til angrep på rådmann Jostein Aanestad. Dei meiner han ved fleire høve har gitt feilaktig informasjon om dei tidlegare arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern.

– Me føler at me blir villeia, på så enkle ting av og til, at me føler det er med vilje. Slik skal det ikkje vera, sa Flåten frå talarstolen.

Påstandane fekk ordføraren til å reagera.

STANDHAFTIG: Dagen etter meiner Arne Glenn Flåten (H) at han ikkje gjorde anna enn å svara på oppfordringa om å kome med konkrete døme på feilopplysningar frå rådmannen. Bilde: Halvor Farsund Storvik

– Det er så sterkt det som blir sagt, at eg faktisk stussar på om eg skal heva møtet. Det er grenser for kva ein kan tillata seg frå talarstolen, sa ordførar Jarle Aarvoll.

Øberg: – Mobbing av rådmannen

Dagen etter har framferda til opposisjonen fått krass kritikk, mellom anna av Clara Øberg, tidlegare kommunestyrerepresentant for Ap i Sogndal. Ho er òg tidlegare etatssjef og barnevernsleiar i Sogndal.

– Det var direkte mobbing av rådmannen og ein oppførsel utan sidestykke. Kommunestyremøtet var ei stor skam, seier Øberg til NRK.

Arne Glenn Flåten stiller seg uforståande til kritikken.

– Rådmannen har bedd om å få konkrete tilbakemeldingar på kva han har loge om og villeia oss på. Då må han tola å høyra svaret, seier han. 

Som eit eksempel meiner Flåten at rådmannen feilaktig har informert politikarane om at alle tilsette som forlet barnevernstenesta i den turbulente perioden, gjorde det frivillig. 

– Alle veit at dei slutta fordi dei ikkje orka meir. Dei har blitt mobba ut heile gjengen. Å seia noko anna er direkte villeiande, seier Flåten.

Rådmannen avviser påstandar om villeiing

Under møtet torsdag avviste rådmann Jostein Aanestad i tur og orden påstandane om at han skal ha gitt feilaktig informasjon til politikarane. Dagen etter gjentek han at han har svart på alle dei tre døma om feilopplysningar opposisjonen påstår han har kome med.

– Så har eg sagt at eg gjerne vil høyra om andre forhold, der dei meiner eg har sagt noko feil. Det toler eg å høyra, seier rådmannen til Porten.no. 

Når det gjeld påstanden om at dei tilsette ikkje slutta frivillig, gjentek han det han meiner er rett framstilling av kva som har skjedd. 

I HARNISK: Kjetil Kvåle (Ap) er ikkje nådig overfor opposisjonen, som han meiner driv eit «rått og ufint køyr» mot rådmannen. Foto: arkiv. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Eg har informert kommunestyret om at ingen i Sogn barnevern har blitt oppsagt og at kommunen har hjelpt dei som ønskte det med å finna anna arbeid utanfor barnevernet. Og det stemmer, seier Aanestad.

Ap-leiaren meiner rådmannen fortener ros

Gruppeleiar Kjetil Kvåle i Ap meiner høgresida i Sogndal driv eit «rått og ufint køyr» mot rådmannen. Han meiner kritikken som vart reist på møtet ikkje er anna enn insinuasjonar og udokumenterte påstandar.

– Eg er ikkje i nærleiken av å kjenna meg att i at me politikarane har blitt ført bak lyset. Eg er forundra over at rådmannen og ordføraren tolte å ta imot så mykje, utan å reagera hardare enn dei gjorde. Me i Ap-gruppa diskuterte om me berre skulle reisa oss og gå. Sett i ettertid burde me kanskje ha gjort det, i det minste burde me ha sagt ifrå at dette finn me oss ikkje i å høyra på, seier Kvåle.

– Kvifor er det over streken å stilla spørsmål ved om rådmannen medvite kan ha feilinformert politikarane?

– Når du kjem med slike påstandar, så må du i det minste dokumentera dei. Her blir dei hengande meir eller mindre i lause lufta, seier Kvåle.

Flåten: – Må gjera det eg meiner er rett

Han tykkjer det er eit paradoks at det politiske klimaet no er så dårleg. For samstundes som politikarane kranglar, figurerer kommunen høgt på dei fleste uavhengige barometer og målingar. Kvåle meiner kommunen over tid har vist at den driv godt og leverer gode tenester. 

– Hadde dei kome med tolv roser til rådmannen, så ville eg heller forstått det, seier Kvåle.

Høgrepolitikar Flåten let seg ikkje rokka av kritikken. Han seier dei kan dokumentera alt dei har kome med. Og han meiner politikarane og rådmannen må tola tøffe tak i eit kommunestyre, dersom det er naudsynt.

– Mi oppgåve er ikkje er å behaga nokon, men å gjera det eg meiner er rett. Det har eg gjort i denne saka, seier Flåten.

Til toppen