HAR LÆRT OPP ANDRE: Renate Jevnaker (t.v) er ein ivrig strikkar, og ho har lært opp fleire veninner i å strikka. Sidan Tya bar byrja å invitera til å koma og «strikka og drikka» har ho kome til baren kvar gong det er aktuelt. Til høgre Sissel Jevnaker. (Foto:  Snorre Sandemose)
(Foto:  Snorre Sandemose)
(Foto:  Snorre Sandemose)
(Foto:  Snorre Sandemose)
(Foto:  Snorre Sandemose)
(Bilde:  )
(Foto:  Snorre Sandemose )
(Foto:  Snorre Sandemose )
(Foto:  Snorre Sandemose)
(Foto:  Snorre Sandemose )

Det siste nye i Årdal: Strikking og drikking

Trenden har funne vegen frå Bergen, og dei frammøtte koste seg med å strikka og prata saman. Somme utveksla idear, triks og knep innan handarbeid. 

Årdal: – Det er kjekt å treffast, strikka og prata med andre. Det er både sosialt og koseleg å vera her, seier Renate Jevnaker. 

GODT Å KOMA VIDARE: Hilde Marita Grønsberg (t.v) lærte å strikka i fjor påske. Ho hadde køyrt seg fast med strikketyet sitt heime før denne strikkekvelden på Tya, på grunn av eit problem med maskene. Her fekk ho hjelp til å koma vidare. Til høgre: Charlotte Nedrebø.  Bilde: Snorre Sandemose

Ho er ei av dei som var på strikkekvelden på Tya bar i Øvre Årdal på tysdag. Det var andre gongen i år, og andre gong i det heile teke, at baren arrangerer eit slikt strikkearrangement.

– Det er sosialt. Og so hjelper me kvarandre med å tolka oppskrifter som er vanskelege, og om nokon har problem og har mista masker, til dømes, seier Jevnaker. 

Hilde Marita Grønsberg hadde gjort nettopp det, mista mange masker heime, og stod heilt i stampe. Då ho kom til strikk og drikk fekk ho derimot hjelp av Jevnaker til å koma laus frå floka. 

Trend frå Bergen

SERVERER OGSÅ MAT TIL ARRANGEMENTET: Tya hadde ein eigen, enkel middagsrett som dei serverte i høve «strikk og drikk»-arrangementet. Til høgre: Henni Øvstetun.  Bilde: Snorre Sandemose

I Bergen har folk byrja å stima saman på barar om kveldane og strikka medan dei drikk øl eller brus, til dømes. 

Dei som driv Tya fekk dermed føre seg at det kan vera ein fin ting å ha ein strikkekveld ein gong i månaden i Årdal òg. 

Ved bardisken låg det bøker som handla om strikking og strikkemønster. Bøkene var henta frå biblioteket, og dei var fritt fram å bla i. Elin Røneid frå biblioteket heldt eit lite innspel om strikkebøkene dei har tilgjengelege.

Andre hadde med seg eigne strikkebøker, og oppskrifter på mønster eller gensermodellar.

LAGA KOSTYME TIL KARNEVAL: Linda Rusthaug Gjeilosjordet tok med seg nål og tråd, og såg ut til å vera den einaste som sydde i staden for å strikka. Men synåla hennar var so grov at ho ved fyrste augekast likna ein strikkepinne.  Bilde: Snorre Sandemose

Mogleg å gjera andre typar handarbeid

På eitt av borda sat mellom andre Linda Rusthaug Gjeilosjordet. 

– Eg tok med ein striesekk som eg skal laga til trollkostymer ifrå, seier ho. 

Det er til døtrene hennar, som skal ha eventyrfest i barnehagen fredagen. 

Til toppen