SKUNDA SEG: Då oppvaskmaskina tok fyr, var det berre å krypa rett ned på golvet, dra ut stikkontakten, slå vatn i elden, og so å få maskina ut på tunet. 
SKUNDA SEG: Då oppvaskmaskina tok fyr, var det berre å krypa rett ned på golvet, dra ut stikkontakten, slå vatn i elden, og so å få maskina ut på tunet.  (Foto: Snorre Sandemose)

Han sat i sofaen då han høyrde ein smell frå kjøkenet: – Det skumle er at det gjekk so fort

Årdølen åtvarar folk mot å skru på oppvaskmaskina og forlata huset. 

Årdal: I sjutida om kvelden onsdag hadde Steinar og Solveig Drægni slått seg ned i sofaen i huset sitt i Årdal. Dei hadde nettopp sett tallerkenar i vaskemaskina og sett henne på. Brått høyrde dei eit smell inne frå kjøkenet.

– Solveig sa med det same at lyden kom frå vaskemaskina. Eg trudde noko hadde velta eller snudd seg inni der på grunn av trykkvarmen og spylinga, og at me kanskje hadde stabla noko feil, seier Steinar Drægni. 

LITEN TYPE: Oppvaskmaskina til ekteparet Drægni er av den 45 centimeter breie typen. I fjor heldt Bosch-oppvaskmaskina til ein lærdøl på å ta fyr. Hans maskin var òg av merket Bosch, frå same tidsperiode, og brytarane var dei same.  Foto: Snorre Sandemose

Det høyrdest ikkje ut som nokon eksplosjon, berre ein smell. Då dei kom inn på kjøkenet, merka Solveig seg eit lys bak knappane. Det synte seg å vera ein flamme. Steinar kraup ned med det same og fekk skuva maskina fram og drege ut stikkontakten.

Deretter var det å slå eit par koppar vatn inn i brytarpanelet, som no stod i fyr og flamme. Det stod svart røyk ut av maskina, og ein eim av brend plast eller elektronikk hadde alt rukke å fylla heile kjøkenet. 

– Det skumle er at det gjekk so fort. At det var ein open flamme inni brytarpanelet på ein augneblink etter at det small. Det hadde ikkje teke lang tid før elden hadde fata i kjøkenbenken rett over oppvaskmaskina, om me ikkje hadde vore der. 

Drægni vil på det sterkaste åtvara mot å gå i frå huset med oppvaskmaskina på.

– Ein bør ikkje ein gong fara på butikken, seier han.

 

Enorm respons på Facebook

To timar etter at oppvaskmaskina hadde teke fyr, fortalde han på Facebook om kva som hadde hendt. 

Posten er no delt meir enn 570 gonger, og kommentarfeltet er milevis langt. Fleire har opplevt det same, ein av dei bur i nabobygda Lærdal. 

Lærdølen fortel at hans maskin tok kvelden i fjor påske.

– Det small og byrja å ryka frå brytarpanelet. Det var tydelegvis ei kortslutning. Eg såg ikkje flammar, men det stod svart røyk frå brytarpanelet og det lukta kraftig svidd elektronikk. Det var tydeleg at noko hadde kortslutta etter lang tids bruk, seier lærdølen, som ønskjer å vera anonym, til Porten.no.

Dei to aktuelle vaskemaskinene har litt ulik breidde, men er av omtrent same årgang. Lærdølen bygde huset sitt i 2002-2003, og kjøpte oppvaskmaskin i samband med innflyttinga.

Han trur det kan ha vore eit programkort som rauk, eller ei kortslutning på grunn av støv. 

– Om det er støvete og skite inne i brytarpanelet, so er det ikkje rare gneisten i elektronikken som skal til for at det tek fyr, seier han og fortel at du omtrent må demontera heile maskina for å reinska dette panelet. 

Bosch Norge stadfestar at det er ein feil på modellen

Maja Wikman Ulrich er kommunikasjonssjef i BSH Home Appliances i Norden, selskapet som lagar og sel Bosch og Siemens sine hushaldningsapparat.    

Ho fortel at det er ein feil på nokre av dei modellane Bosch produserte mellom 1999 og 2005.

HÅPAR ALLE TEK KONTAKT: Maja Wikman Ulrich er kommunikasjonssjef i BSH Home Appliances. Ho håpar alle som har gamle Siemens og Bosch-oppvaskmaskiner sjekkar om deira modell er blant dei med defekt, og tek kontakt. 

Dette oppdaga selskapet først i 2013, og då gjekk dei ut med ein annonsekampanje i norske aviser og radiostasjonar for å informere om at desse oppvaskmaskinene kan byrja å brenna. Dei norske styresmaktene hjelpte også til med å spreia denne åtvaringa. Informasjonskampanjen varte inn i år 2014. 

– Me er veldig leie for at oppvaskmaskina til ekteparet tok fyr. Dei skal ta kontakt med oss i Bosch. Dei vil få ei ny oppvaskmaskin hjå oss gratis. 

Ulrich håpar at lærdølen som opplevde eksplosjon i si oppvaskmaskin i fjor, tek kontakt han òg.

– Eg kan ikkje lova at han som råka ut for dette i fjor får ei ny oppvaskmaskin, men me vil diskutera med han kva me kjem fram til. 

Ho er glad for at det gjekk godt med sogningane, og at det ikkje kom til husbrann. Ho ønskjer at så mange som mogleg skal bli klar over feilen på desse Bosch-maskinene, og oppmodar alle som har meir enn tjue år gamle Siemens eller Bosch-oppvaskmaskiner om sjekka om deira maskin er brannfarlege. Det kan dei gjera her. 

Dersom nokon har ei slik maskin, vil selskapet senda ein teknikar gratis, som byter ut den defekte elektroniske komponenten. 

Ulrich seier òg at skildringa til Drægni stemmer eksakt med defekten dei har åtvara mot, at det byrjar å brenna bak knappane, i brytarpanelet. 

Føreslår tilsyn med oppvaskmaskiner

Drægni, som mellom anna har elektrikarutdanning, har tenkt ein del på problemstillinga knytt til gamle oppvaskmaskiner sidan i går kveld. Han er glad han har to røykvarslarar i nærleiken av der oppvaskmaskina stod. 

KUNNE GÅTT ILLE: Det hadde ikkje teke lang tid før elden hadda fata i kjøkenbenken, om Steinar og Solveig Drægni ikkje hadde vore heime i huset då oppvaskmaskina tok fyr.  Foto: Snorre Sandemose

– Dette er sabla skummelt. Kanskje me burde få på plass ei EU-godkjenning for vaskemaskiner?, funderer Drægni. 

Som med bilar, kan tilstanden til ei vaskemaskin i aller verste fall handla om liv og død. Det fekk ekteparet Drægni erfara onsdags kvelden.  

Håpet er at ny teknologi kan gjera oss tryggare. Snart har alle fått smarte straummålarar, teknologi som blant anna vil gjera det mogleg å slå av og setja på vaskemaskiner medan ein ikkje er heime. Dette er noko mange i kommentarfeltet under innlegget til Drægni har poengtert.

For Drægni har erfaringa vore ein vekkar.

– Farane knytte til dette er noko styresmaktene bør tenkja på, seier Drægni. 

Til toppen