POPULÆRT: Aud Andersen (t.h) fortel at kafèen eigentleg skulle vere annarkvar veke, men at folk syntest det var for lite og ville treffast oftare. T.v., Anne Lise Heggestad.
POPULÆRT: Aud Andersen (t.h) fortel at kafèen eigentleg skulle vere annarkvar veke, men at folk syntest det var for lite og ville treffast oftare. T.v., Anne Lise Heggestad. (Foto: Marte Hestetun)

– Det sosiale er det viktigaste

Damene ved handarbeidskafèen i Seimsdalen synest det er koseleg å samlast for å strikka og hekla.

Seimsdal: Kvar onsdag blir det halde handarbeidskafè i ungdomshuset i Seimsdalen.

Aud Andersen er ein av dei som har vore med heilt frå starten av, omlag seks år, og ho snakkar varmt om kafeen: 

– Det er veldig sosialt og koseleg. I tillegg er det kjekt å treffe ulike folk frå ulike aldrar. Her kan ein drive med hekling, sying, brodering og nokre har til og med drive med perling her. 

Anne Lise Heggestad har vore fast møtande i omtrent eit år, og synest like godt om kafèen som Andersen. 

– Det sosiale er det viktigaste, fortel ho. 

– I tillegg får me nyttige tips av kvarandre og lærer kvarandre nye oppskrifter. Ein lærer mykje nytt sjølv om ein har drive med det i mange år! 

– Ynskjer alle velkomne

Begge fortel at dei synest det er flott at det finst ein slik kafè i bygda som dei kan gå til. 

– Det er kjekt å ha noko å gjere på kvelden. I staden for å sitja heime og strikka aleine, kan me strikka i lag. Eg har lært utruleg mykje av å vera her, fortel Andersen. 

– Også er me jo alltid så heldige at nokre bakar og tek med til kaféen, legg ho til.

Andersen har drive med handarbeid sidan ho var lita, og var ein aktiv strikkar også på skulen. 

– Russenamnet mitt var Strikkeline!

Ho fortel likevel at ein ikkje treng å vere erfaren for å bli med. 

 – Me ynskjer alle velkomne; flinke eller ikkje. Det går ikkje berre i vanskelege mønster her, men også labbar og andre enklare verk. Dei som vil læra seg å strikka eller hekla er hjarteleg velkomne hit, så lærer me gjerne vekk!

Til toppen