TYNN TRÅD: Saka om nedlegging av Ljøsne skule ligg og vippar - det ser ikkje ut til at Sp og SV får hjelp av nokre av dei andre partia til å oppretthalda skulen. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
TYNN TRÅD: Saka om nedlegging av Ljøsne skule ligg og vippar - det ser ikkje ut til at Sp og SV får hjelp av nokre av dei andre partia til å oppretthalda skulen. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

Det spøkjer for denne skulen

Mykje tyder på at alle representantane til Senterpartiet må stemma for å oppretthalda skulen i kommunestyret i morgon om ein skal gå klar av nedlegging.

Lærdal: – Eg kan ikkje forskuttera noko der. Men eg kan ikkje garantera at eg klarar å halda gruppa samla, seier lærdalsordførar Jan Geir Solheim.

Det er dagen før dagen - i kommunestyret torsdag vil lagnaden for Ljøsne skule bli bestemt. 

Til no har det vore temmeleg klart at Høgre sine to representantar kjem til å stemma for nedlegging av skulen. Også Ap stemte for nedlegging i formannskapet, og Kåre Mentz Lysne seier ingenting har endra seg her etter at dei hadde partimøte måndag.

– Det er vel ingen løyndom at dei fem hjå oss kjem til å stå på det som er sagt. Så får me sjå korleis det endeleg blir etter diskusjonen i kommunestyresalen.

– Ni-åtte er ikkje heldig uansett

Kva veg stemma til Venstre kjem til å gå har vore mindre klart ettersom partiet ikkje har representant i formannskapet. Men under møtet mellom FAU ved Ljøsne skule og inviterte politikarar ser det ut til at også Venstre stemmer for nedlegging.

Les også: – Nærleik til skule blir avgjerande når unge skal etablera seg

Les også: Fleirtal for å oppretthalda Ljøsne skule

Då er det ni av sytten stemmer att. Ei tilhøyrer SV, og denne vil nesten garantert gå i favør Ljøsne skule. Senterpartiet har dei siste åtte stemmene, og alle desse må altså gå for å oppretthalda Ljøsne skule dersom det skal bli fleirtal - om ikkje noko endrar seg i dei andre partia.

– Me såg signala frå Venstre måndag - dei er veldig splitta i synet. Eg er også spent på korleis og om alle Ap-representantane har konkludert endeleg. Skulle det bli eit ni-åtte resultat eine eller andre vegen, er det uansett ikkje heldig, seier Solheim.

Artikkelen held fram under biletet

VIL OPPRETTHALDA: Både Jan Geir Solheim (Ordførar for Sp, i bakgrunnen), Annike Vanberg (SV) og Per Åke Evjestad (Venstre) kjempar for Ljøsne skule. Men representantane frå Venstre er splitta i nedleggingsspørsmålet.
VIL OPPRETTHALDA: Både Jan Geir Solheim (Ordførar for Sp, i bakgrunnen), Annike Vanberg (SV) og Per Åke Evjestad (Venstre) kjempar for Ljøsne skule. Men representantane frå Venstre er splitta i nedleggingsspørsmålet.

– Me er partiet som tydelegast kjempar for born og unge

Men slik ligg det altså an.

Sjølv om partiet hans ser ut til å hamna på vippen og gjekk til val på å oppretthalda skulestrukturen, meiner han det blir feil om Senterpartiet får skulda for ei eventuell nedlegging.

– Me er partiet som tydelegast kjempar for born og unge, sjølv om me kanskje ikkje klarar å halda oss samla her.  

I går kom også meldinga om at Lærdal kommune ligg an til å få 6,6 millionar kroner mindre i eigedomsskatt frå kraftverka enn budsjettert, altså må kommunen svinga sparekniven enno hardare i 2017-budsjettet.

Les også: – Det er ekstremt alvorleg

– Det er vel eigentleg slik at alt har slått inn på ei gong midt oppi denne så viktige diskusjonen om tilbodet for born og unge. Me har også hatt stor utskifting i kommunestyregruppa til Senterpartiet i det siste.

Artikkelen held fram under biletet

UHELDIGE: Slikt som at Lærdal kommune same veka som skulesaka skal opp i kommunestyret fekk beskjed om at dei har 6,6 millionar kroner mindre å rutta med i skattepengar neste år, samt utskiftingar av kommunestyrerepresentantar siste tida, har vore dåreleg taiming for forkjemparane for Ljøsne skule. Her heile FAU samla under møtet med politikarane måndag.
UHELDIGE: Slikt som at Lærdal kommune same veka som skulesaka skal opp i kommunestyret fekk beskjed om at dei har 6,6 millionar kroner mindre å rutta med i skattepengar neste år, samt utskiftingar av kommunestyrerepresentantar siste tida, har vore dåreleg taiming for forkjemparane for Ljøsne skule. Her heile FAU samla under møtet med politikarane måndag.

– Kan sjå på ei anna organisering

– Men når politikarane i Lærdal har vedteke å spara fire millionar kroner på driftsbudsjettet for oppvekst - burde ikkje då også Senterpartiet vera bekymra for at alle elevane i Lærdal får eit dårlegare skuletilbod om ein ikkje legg ned Ljøsne skule?

– Det var eit langtidsbudsjett, men det finst fleire måtar å spara på. Nokre påstår at nedlegging er einaste moglegheit, men ein kan sjå på ei annan organisering.

Mellom anna nemnde Solheim under møtet på Ljøsne skule måndag at ein kan sjå føre seg ei anna organisering av rektorane, og viste vidare til ein modell som er nytta i Danmark med gode resultat. Kort fortalt går denne ut på at kvar lærarar jobbar ved fleire av skulane i bygda og ein får såleis utnytta lærarressursane meir effektivt.

– Men viss det går an å spara det same både utan nedlegging av Ljøsne og utan å ta ned kvaliteten i lærdalsskulen; kvifor har ikkje dette kome før?

– Fordi det til no har vore ein diskusjon om skulestruktur. Men det finst relativt enkle reknemodellar for å spara det same utan å leggja ned Ljøsne skule. Vidare må ein gjera ei tydeleg prioritering; viss nokon meiner at det er viktig med born og unge må ein berre satsa på det.

Til toppen