Hege Wahlquist er sambuar med Torbjørn Bergerud, som har kjempa seg til VM-finale i håndball.
–Det er heilt vilt, fortel ho.
–Eg føler jo at dei kan overraske heile tida, men at dei hadde kome heilt til finalen? Det hadde eg ærleg ikkje trudd. Det var skikkeleg moro.
Måtte bli igjen heime
Ho fortel vidare at ho ikkje har moglegheit til å reise til Paris for å sjå finalen, sjølv om ho gjerne hadde lyst.
– Eg har jo kampar og treningar sjølv, så eg får dessverre ikkje tid til å reise. Eg har sjekka med fly og alt, men det er ingenting som passar. Så då får eg heller sjå på TV-en, avsluttar ho.
Sjølv ein draum om å kome på landslaget
Då Wahlquist, som sjølv er håndballspelar, får spørsmålet om det sjølv er draumen hennar å komme til ein VM-finale, er svaret klart:

–Ja, absolutt. Det har jo alltid vore draumen å kome på landslaget. Om eg i tillegg hadde komme til ein VM-finale, må det vere det største ein kan oppleve på ei handballbane.
Mykje nerver
Wahlquist har sjølv spelt cup-finale og kjent nerver. Likevel synes ho ikkje det kan samanliknast med ein VM-finale.
– Det er mange fleire som ser på, nesten heile verda. Så eg trur dei berre må ha fokus, ikkje tenke at folk ser på, og elles gjere som dei pleier.