HAT TRICK: Preben Strypet scora tre mål i 8-1-sigeren mot Skarbøvik laurdag, noko trenar Ivan Øy veit å sette pris på. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HAT TRICK: Preben Strypet scora tre mål i 8-1-sigeren mot Skarbøvik laurdag, noko trenar Ivan Øy veit å sette pris på. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Det Strypet har gjort er berre å ta av seg hatten for

Årdal held fram rekka med kampar utan tap med Preben Strypet på bana.

Årdal: Spissen gjorde comeback i sommar, men var ikkje med i den første kampen i haustsesongen mot Kristiansund FK, som Årdal tapte 1-2.

Sidan har ikkje Årdal tapt ein einaste kamp, og i alle dei kampane har Strypet vore på bana. Mot Skarbøvik laurdag scora han hat trick. Dermed er han oppe i sju scoringar.

– Det er kanskje feil av meg å seia, men Preben er ein spelar som er betre når han ikkje er i kampform fordi då gjer han ting veldig enkelt. Han gjer smarte ting med bakgrunn i at han ikkje har like god løpskapasitet, men hovudet er der. Det han har gjort i haust er det berre å ta av seg hatten for, kommenterer trenar Ivan Øy etter storsigeren.

Fem målscorarar

Han seier at Strypet betyr mykje for laget fordi han set høge krav til seg sjølv og lagkameratane. 

– I tillegg ser me at fleire spelarar har vore i form i haust. Når ein ser det i tillegg til lagsamansetning, har det gitt positive utslag.

Les også: Strypet med hat trick i nimålsfest

Heile ni mål vart scora på Jotun stadion i møtet med Skarbøvik, og åtte av desse var det raudtrøyene som stod for. Forutan Strypet fann både Truls Hovland, Vegard Aafedt Bukve, Terje Kvam Øvstetun og Robin Moheim nettmaskene.

Positiv målforskjell

Det gjorde sitt til at dagens siger definitivt er ein av dei største.

– Det er positivt for spelarane å få oppleve dette. Samstundes frykta me tabellsituasjonen til Skarbøvik, som allereie er degradert. Då er det fort å gå på ein smell, men me hadde fokus på at me ikkje skulle gå i den fella, seier Øy. 

– Me prøvde å stressa dei og halde dei på tå hev heile kampen. Det er viktig å vinna mykje på grunn av målforskjell. For første gong denne sesongen har me ein positiv målforskjell, og det kan henda det blir utslagsgjevande. Eg veit ikkje.

Eit lag i form

Årdal er no oppe på 29 poeng, og er dermed ein siger unna å nå målsettinga om 32 poeng, som Øy trur er det som skal til for å sikre plassen. Neste helg tek dei imot eit Herd-lag som ikkje har noko å spela for.

– I veka som kjem er det viktig at me framleis er fokuserte og har ein god treningskvardag. Herd er eit spelande lag med bra kvalitetar, men som ikkje har noko å spela for. Kva dei kjem med er ikkje godt å seia, men me må køyra på. Me har vist i haust at me er eit lag i form.

Til toppen