Lærdal: Laurdag slo dei Selje 8-1 på bortebane. Til helga møter J13 og 14-laget til Lærdal Eikefjord på eige gras til det avgjerande oppgjeret om KM-tittelen.
– Dei siste tre sesongane har me berre eitt tap, så eg har god tru. Men tapet må jo komma før eller seinare og det kan godt bli på søndag, seier ein nøktern lagleiar Jan Tore Stølen.
Onsdag møter Selje og Eikefjord kvarandre. Uansett resultat har lærdalsjentene alt i eigne hender. Stølen håpar at lærdølene stiller mannsterke på søndag for å heia dei fram.
– Då blir det avgjort kven som blir kretsmeistar, seier han.