SOLIDARITET: Sæmund Stokstad, 3.kandidat for Lærdal SV.
SOLIDARITET: Sæmund Stokstad, 3.kandidat for Lærdal SV. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

– Det vakraste Noreg har å by på er sterke fellesskap og små forskjellar

Dei siste åra har fleire grupper kome til og krav utover løn og arbeidstid er blitt synlege. Eg meiner 1. mai handlar om samhald, og makta eit godt samhald kan ha. Det meiner Sæmund Stokstad i Lærdal SV.

I dag er det 1. mai. Tradisjonelt har dette vore fagrørsla sin dag, arbeidarane sin dag. Det var fagrørsla som fekk den innført, og krava som har prega dagen har vore påverka av dette. Dei siste åra har fleire grupper kome til og krav utover løn og arbeidstid er blitt synlege.

Eg meiner 1. mai handlar om samhald, og makta eit godt samhald kan ha. Eit samhald som krev at storsamfunnet tek omsyn og endrar rammeverket som påverkar kvardagen vår. For det er storsamfunnet og politikken som vert ført som set desse rammene.

Sterke fellesskap - må stå saman

Me i Indre Sogn lever liva våre blant fjordar og fjell i spektakulær natur. Men det vakraste Noreg har å by på er likevel sterke fellesskap og små forskjellar. Eit land for dei mange og ikkje for dei få. Kampane som har vorte kjempa, særleg av fagrørsla, har gitt oss eit inkluderande arbeidsliv og ein velferdsstat som er ei sikkerheit den dagen me treng det.

Med politikken som vert ført av regjeringa i dag vert både velferdsstaten og arbeidstryggleiken svekka. Skattelette til dei som allereie har mest, vert prioritert før hjelp til dei som treng det mest. Barnehagar, sjukeheimar og barnevernsinstitusjonar vert økonomiske investeringsobjekt heller enn investering i menneska som bur her.

Me må syna at me står saman med sjukepleiarane, dei tilsette i barnehagane, lærarane og helsefagarbeidarane. Me må byggja på tillit, ikkje på stoppeklokke i velferdstilboda, slik dei store private gjerne gjer.

Bøndene kjenner konsekvensar av aukande forskjellar

Ei anna gruppe som kjenner på ein stadig auke i forskjellar, er bøndene. Matprodusentane er nært knytt saman med arbeidarane som vidareforedlar og etter kvart sel produkta til bonden.

Til liks med desse kjenner også bøndene at forskjellane aukar. Gjennomgåande er det dei store og intensive aktørane som får fordelane, på kostnad av dei mindre. I den delen av landet me bur i, er dette særleg alvorleg. Med ein auke i forskjell i inntekt og makt, vert også bygdene og framtida her svekka.

Mi oppmoding vert derfor å stå saman og visa samhald. Eit samhald for arbeidarane, for bøndene og for bygdene. Eit samhald mot forskjellar og velferdsprofitørar. Vel fellesskap, solidaritet og likskap. Gå i tog, delta på 1. arrangementa og stem på ein raudare politikk til hausten.

Til lukke med dagen.

Til toppen