MEININGAR: Kven hadde for eksempel trudd at dei skulle stå på balkongen og synga i kor med heile blokka?, spør Gunnar Hovland.
MEININGAR: Kven hadde for eksempel trudd at dei skulle stå på balkongen og synga i kor med heile blokka?, spør Gunnar Hovland. (Foto: Privat)

MEININGAR

«Det vart ei annleis påskehelg»

– Kven hadde for eksempel trudd at dei skulle stå på balkongen og synga i kor med heile blokka? Du veit, dei du vanlegvis nikkar til i forbifarten i ein elles hektisk kvardag?, skriv Gunnar Hovland.

Meiningar: Det vart ei annleis påskehelg. Me er ikkje gjennom stormen, men regjeringa kunngjorde tysdag at me snart kan letta litt på tiltaka. Sakte, men sikkert.

Så om me freistar å sjå inn i krystallkula, kva ser me då – nokre månader fram? No er heldigvis ikkje det å vera spåmann ein del av jobben min, men eg tykkjer det er veldig interessant å sjå korleis me som samfunn allereie er i endring. Og viktigare: Fleire av dei tendensane er faktisk av positiv art.

Kven hadde for eksempel trudd at dei skulle stå på balkongen og synga i kor med heile blokka? Du veit, dei du vanlegvis nikkar til i forbifarten i ein elles hektisk kvardag? Og eg kan nesten garantera at du har minst ein ven som, på eige initiativ, har vore på handletur for nokon som av ein eller annan grunn måtte halda seg inne akkurat no.

Naturen har retunert til Venezia

Og utan at me verken skal friskmelda planeten eller overdriva miljøeffekten, så er det forfriskande å sjå at Beijing opplever frisk luft og blå himmel. Eller at vatnet i Venezias mange kanalar plutselig er krystallklart. Ein hotelleigar uttalte at det verka som om naturen hadde returnert til Venezia. Sjølv om dei også er avhengige av at turismen kjem seg oppatt, så var det viktig at venetianarane no brukte dette momentet for å legga til rette for betre balanse mellom by, miljø og turisme.

Og då er me inne i kjernen av påskerefleksjon min: Kva slags samfunn er det me eigentlig ynskjer oss?

No kan me faktisk tenke over dette, ynskje oss og gjennomføre det. Verden blir ikkje heilt den same igjen, og kanskje det ikkje er så dumt?

Mykje som fungerer

Det er veldig godt å sjå styresmakter, politiske parti og fagkompetanse som jobbar godt saman. Ikkje alltid einige, men i det store er målet det same og krangelen lagt til sides. Det gir tillit slik me ynskjer det skal vera. NAV blir sett stor pris på, og dei jobbar døgnet rundt for å sørge for at permitterte får sine utbetalingar. Me ser at det offentlege helsevesenet vårt er godt for alle. Storleiken på lommeboka tel ikkje her. Heldigvis. Det er med andre ord mykje som fungerer, og mange har fått auga opp for ei rekkje ting me vanlegvis ikkje tenker over – ting me tek for gitt.

Du blir sikkert ikkje overraska over at eg dreg dette over til matproduksjon. Mine sjefar, mjølkebøndene, held til i Luster, Bekkarfjord, Gjerdrum og Nærbø for ein grunn. Ikkje berre fordi det er fint å bu der (det er det), men dei er viktige for bærekraftig matproduksjon, levande bygder og vedlikehaldne kulturlandskap.

Me er i globaltoppen

Det at Norge har ei så spreidd busetting som me har, kombinert med det arktiske klimaet vårt, gjer at smittefare frå ein besetning til ein annan er låg. Mellom anna difor er me heilt i globaltoppen over land som bruker lite antibiotika i matproduksjon – Spania brukar motsvarande omlag hundre gonger so mykje antibiotika for kvar kilo produsert eksempelvis. Det bidreg til ein lågare frekvens av antibiotikaresistente bakteriar i samfunnet vårt. Låg antibiotikaresistens har stor verknad på folkehelsa og måten me kan takla pandemiar som koronaviruset.

Det er også ein stor verdi å ha gardsbruk, butikkar og produksjonsanlegg spreidd i det lange landet vårt. Det har same effekten på dyr som sosial isolering hjå menneske, det spreier risiko og det gir større fleksibilitet når krisa er her. Og no er ho her.

Eg er glad for at dette, som mange held for sjølvsagt, får litt ekstra merksemd om dagen. Og at bonden, dei som jobbar i helsevesenet, i produksjon, på lageret, i butikken og sjåføren blir heidra som samfunnskritiske. Det gjer meg stolt. Me blir i større grad eit samfunn som finn ut kor viktige me alle er for kvarandre.

Solskinet som kjem etter stormen

Akkurat no er folk flest medvitne om å gjera denne kunnskapen om til handling. Me føl råda til styresmaktene. Me kastar mindre mat og handlar meir lokalt. Me lagar meir mat heima, me set pris på kvaliteten og arbeidet som ligg bak, og me er tettare på dei me er glade i.

Effekten dette har på samfunnet vårt veit me ikkje enno. Eg håpar at me ikkje gløymer verdien av berekraftig matproduksjon over heile landet, eit høgkompetent helsevesen for alle, styresmakter som skapar tillit i befolkninga, omsorg for våre medmenneske og ikkje minst ein betre helsetilstand for jorda me bur på og lever av. Det er vel det me kan kalle solskinet som kjem etter stormen.

Riktig god påske alle saman. Ta vare på deg sjølv og kvarandre.

Til toppen