FANTASTISKE FORHOLD: Pudderhundane kunne kosa seg med diverse sprell i skogane i Sogndalsdalen heile Fjellsportfestivalen gjennom. Foto: Høyde Media
FANTASTISKE FORHOLD: Pudderhundane kunne kosa seg med diverse sprell i skogane i Sogndalsdalen heile Fjellsportfestivalen gjennom. Foto: Høyde Media

– Det vart ein kjempesuksess

Då langtidsvarselet slo til med snø gjekk billettsalet til himmels. Og dermed vart den tiande utgåva av Fjellsportfestivalen ein einaste stor suksess. Sjå spektakulær video!

Sogndal: – Dette var veldig bra gjennomført; me har hatt svært mykje folk på alle arrangement både utan- og innandørs. Korleis det skulle gå med billettsalet var eit spenningsmoment, og då snøen kom på langtidsvarselet gjekk billettsalet til himmels, seier festivalsjef Ragnhild Fagerslett.

For etter ein særs tørr vinter kom siste heile veka i februar med snø. Det var i grevens tid, for onsdag gjekk startskotet for den tiande utgåva av Fjellsportfestivalen.

Les også: Pudderalarm på opningsdagen

Les også: Ein slik sogndøl kan vi like

Artikkelen held fram under videoen (Video: Høyde Media)

Glad for at mange lokale tok turen

To dagar med fint vêr fulgde; så lava snøkjerringane ned heile laurdagen i Sogndal – til stor glede for pudderhundane som svinga seg gjennom skogane i Sogndalsdalen.

– Me hadde innstilt oss på at ikkje kom meir snø i år, så me hadde undersøkt at det var nok snø i Hodlekve til at me fekk gjennomført konkurransane og at det låg nok i terrenget til å gå på topptur. Så eg trur det hadde vorte ein bra festival uansett, men for billettsalet var det nok ein stor fordel at snøen kom. Ein annan ting er at svært mange lokale fann veg til festen laurdag kveld – det tykte me var veldig flott, seier Fagerslett.

Les også: Ingen panikk for Fjellsportfestivalen: – Festival blir det uansett

– Skredet vart ei sunn påminning

Torsdag utløyste to frikøyrarar skred ved Togga – ein av dei vart også teken, men kom seg utatt utan å bli begravd. Det vart ståande som festivalens mest skremmande hending.

– Litt forstemmande, men det gjekk heldigvis bra og vart kanskje ei sunn påminning om rasfaren så folk tok det med ro fredag. Og laurdag hadde me ikkje sikt i høgda, så då vart det stort sett skogskøyring. Elles ingen større hendingar, berre nokre småskader.

Les også: Skiløparar utløyste hundre meter breitt snøskred

Rettar stor takk til dei friviljuge

No er Fagerslett og dei andre som har stått bak festivalen slitne.

– I dag måtte eg ta meg fri og gå ein topptur sjølv; eg kjende eit behov for å lufta tankane litt.

Rundt 220 friviljuge var i sving, nokre dei siste vekene, andre sidan i november. 

Les også: Dugnadsviljen gjer festivalsjefen heilt rørt

– Eg må takka alle som ein; dei har gjort ein vanvittig innsats.

– Og Fjellsportfestivalen lever i beste velgåande framover, går eg utifrå?

– Den blir neste år også – det er sikkert. Då er det tiårsjubileum, så det skal bli enno betre.  

Til toppen