TRAVELT: Politiet fekk inn over 40 meldingar frå midnatt til klokka 16:30 første nyttårsdag.
TRAVELT: Politiet fekk inn over 40 meldingar frå midnatt til klokka 16:30 første nyttårsdag. (Foto: Arkiv)

Det vart ein travel start på nyåret for politiet

Berusa mann forsøkte å ta seg inn i eit hus, og ein pizza tok fyr i ein leilegheit i Øvre Årdal.

Indre Sogn: Totalt fekk politiet i Sogn og Fjordane inn 44 meldingar i tidsrommet 00:00 til 16:30 første nyttårsdag. 

– Mykje av dette er i forhold til den sterke vinden og naturskader, slik som tre i vegbana, lause gjenstander eller tre over vegen. Fleire av desse har blitt overført til vegtrafikksentralen eller brannvesenet, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre til Porten.no. 

To brannar og forsøkt innbrot 

Øvre Årdal: Klokka 00:29 ringte ein person om at ein mann prøvde å ta seg inn i huset. Det var ikkje ein bekjent av meldaren, og han verka full. Politiet rykte ut, og fann ein overstadig berusa mann. Han hadde ikkje identifikasjon på seg, som gjorde at det tok litt tid før politiet fann ut kven han var. Mannen i seint 40-åra vart køyrt heim. 

Sogndal: Klokka 02:06 fekk politiet melding ein brann i ein einebolig ved Hageland og Maskinsenteret i Sogndal. Då politi og brannvesen rykka ut viste det seg at det var ein naust som stod i brann, og at det ikkje var nokon personar i bygget. Klokka 03:33 melder brannvesen om at brannen er slukka. Brannvesenet opplyste at dei vurderar å riva dei gjenverande delane, for å hindra at lause gjenstandar blir tekne av vinden. 

Sogndal: Klokka 03:25 rykte politiet ut til husbråk i Sogndal. Det var nokre personar som krangla. Då politiet kom til staden var det ein mann og ei kvinne som krangla. Dei fekk avdramatisert situasjonen, og dei to partane fekk ordna opp på staden.

Øvre Årdal: Klokka 07:12 første nyttårsdag fekk politiet melding om ein overstadig berusa mann som låg i ein hage i Øvre Årdal. Dei varsla AMK, som tok over saka. 

Øvre Årdal: Klokka 07:54 fekk politiet melding om brann i ein leilegheit i eit bygg med 12 leilegheiter i Øvre Årdal. Då dei kom fram viste det seg at ein person hadde gløymt ein pizza i steikeomnen, slik at det hadde teke fyr. Poltiet oppretta anmeldelse.

Til toppen