VESTLAND: Busstreiken vil få omfattande konsekvenar.
VESTLAND: Busstreiken vil få omfattande konsekvenar. (Foto: Skyss / Kringom)

Det vert busstreik i Vestland: – Vil få omfattande konsekvensar

Busstreiken gjeld frå laurdag morgon klokka 05:00.

Sogn: I ein pressemelding skriv Skyss at ingen av deira bussar kjem til å køyra som normalt.  

– Busstreiken vil få omfattande konsekvensar for busstilbodet i heile fylket, skriv Skyss i pressemeldingen.

Streiken har vore i gang i Oslo og Viken sidan sist søndag. No er sjåførarane i Vestland, Trøndelag, Rogaland, samt Finmark òg i streik.

I Nordhordland og Bergen går ingen avgangar med skyss sine bussar, men i resten av fylket vil eit par enkeltruter halda fram. Her kan ein sjå lista over bussavgangane i fylket. 

Bussjåførane streikar for betre tryggleik, høgare lønn og betre arbeidstidsordningar.

– Dette er det einaste verkemiddelet me har for å vise misnøya vår, sa Geir Are Strømnæss, foreiningsleiar i Fellesforbundet avd. 36 Sogn og Fjordane til Firda tidlegare denne veka. 

Til toppen