DAUDT LØP:  Oskar Heimer (til venstre) og Oddbjørn Rovde gav alt i sluttspurten på SMILI. I mål var dei to umogleg å skille og dei måtte dermed dele på åttandeplassen.
DAUDT LØP: Oskar Heimer (til venstre) og Oddbjørn Rovde gav alt i sluttspurten på SMILI. I mål var dei to umogleg å skille og dei måtte dermed dele på åttandeplassen. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Det viktigaste er ikkje å vinne, men å ikkje bli nummer ni

Laurdagens tikilometer i Sogndal sentrum baud på ein episk spurtduell mellom to folkehøgskuleelevar, over fem minutt etter at vinnaren hadde gått i mål.

Sogndal: Oddbjørn Rovde hadde leia heile vegen, men på andre runden fekk han ein svenske opp i ryggen. Førstnevnde prøvde å rykke frå på direkten, men det nekta svensken å godta.

– Då var det berre å slutte å tenke og byrje å springe, seier Oskar Heimer.

FOLKEFEST: Målet er å gjere SMILI til ein årleg folkefest. Her er det like før startskotet går i konkurranseklassen.
FOLKEFEST: Målet er å gjere SMILI til ein årleg folkefest. Her er det like før startskotet går i konkurranseklassen.

– Var mest fokusert på mine eigne bein

Med kvar sin smarttelefon i handa og med musikk i øyrene starta høgskuleelevane ein episk duell om å komme først over målstreken. Då to-tre hundre meter stod att var det svensken sin tur til å rykke. 

– Då tenkte eg, faen heller, eg kan ikkje la han springe frå meg, seier Rovde.

Til slutt var dei umoglege å skille. Arrangøren greidde det ikkje og klokka kamphanane inn til same tid. Konkurrentane har heller ikkje fasiten.

– Eg veit ikkje. Eg var mest fokusert på mine eigne bein, seier Heimer.

For dei nysgjerrige forklarer han òg taktikken bak å springe dei ti kilometrane med mobiltelefon og store øyreklokker. 

EINSAM MAJESTET: Hallvard Sørheim Evjestad leia klart ved passering fem kilometer og var like suveren i mål.
EINSAM MAJESTET: Hallvard Sørheim Evjestad leia klart ved passering fem kilometer og var like suveren i mål.

– Det funkar uhøyrd bra. Det er greitt å ha noko i handa så du ikkje får hald, i tillegg har eg tida og musikk i høyretelefonane, seier Heimer.

Håpar SMILI kan bli årleg folkefest

Hallvard Sørheim Evjestad frå Gaupne var suveren førstemann i mål med tida 36.57.

– Det var dette eg kom for, seier den anpustne langrennsløparen medan han ser nummer to, Daniel Kvåle frå Sogndal, komme i mål førti sekund seinare. Lustringen koste seg i løypa og sette spesielt pris på heiaropa frå tilskodarane som følgte konkurransen i sentrum.

– Eg var med for eit par år sidan, då det vart arrangert på Kvåle, med start og mål der. Eg trur det var eit bra grep å flytte det ned her. Det var jækla mykje folk ute i løypa og det er ekstra kjekt for oss som spring, seier vinnaren.

SMILI-general Tonje Norheim Tangerud seier at det var over hundre påmelde til mosjonsklassen og tjue til konkurranseklassen. Håpet hennar er at SMILI skal bli ein årleg folkefest i sentrum, slik det var før i tida.

– Når eg var lita, så skulle eg gå først og pappa og mamma bak. Dei fekk ikkje lov til å gå forbi. Du skulle gå den mila, det var fast kvart einaste år. Får me dette til kvart einaste år, så kan det blir kjekt å vere i Sogndal i september, seier ho.

GENERAL OG SPEAKER: SMILI-General Tonje Norheim Tangerud og speaker Jon Navarsete er glade for at såpass mange tok turen til sentrum laurdagen.
GENERAL OG SPEAKER: SMILI-General Tonje Norheim Tangerud og speaker Jon Navarsete er glade for at såpass mange tok turen til sentrum laurdagen.
Til toppen