JOBBAR MED Å FÅ PÅ PLASS BÅTSKYSS: Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid er i dialog med Fylkeskommunen for å få på plass båtskyss til Årdalstangen frå og med måndag. Arkivfoto.
JOBBAR MED Å FÅ PÅ PLASS BÅTSKYSS: Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid er i dialog med Fylkeskommunen for å få på plass båtskyss til Årdalstangen frå og med måndag. Arkivfoto. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Det vil ikkje koma noka bilferje til Årdalstangen, men båtskyss frå Tangen kjem på plass på måndag

Skuleelevane ifrå Vikadalen og Nadvik fekk skulefri fredag, men måndag lyt dei truleg på skulen igjen. 

– Noka bilferje er ikkje mogleg å få på plass, det vert uaktuelt. Me har ikkje kaianlegg i Årdal lenger som kan ta i mot ferjer med bilar.

Ferjer kan leggja til kai, men bilane kan ikkje køyra ut av ferja.

– Me har ikkje nokon ferjelem som fungerer eller som er tilpassa dagens standard, seier ordføraren i Årdal, Arild Ingar Lægreid. 

Han er no i dialog med fylkeskommunen for å få på plass ei løysing for båttrafikk for persontrafikk. 

– Me får ei avklaring i morgon på korleis båtskyssen til Årdal skal ordnast til veka. 

Fylkeskommunen jobbar med å få på plass ein båt som til vanleg går i Solund, heilt ytst i havgapet i Sogn. Han jobbar samstundes inn mot andre båtar, og kva båt eller båttype det vert som skal frakta folk frå Årdalstangen til omverda er førebels ikkje kjent. 

Fylkeskommunen jobbar med å få på plass ei løysing

– Me håpar å få på plass rutene til båttransporten frå Årdalstangen i morgon sundag. Dei vil verta lagde ut under «trafikkmeldingar» på Kringom.no, seier Ole Ingar Hæreid, plan- og beredskapsleiar i Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

FYLKESKOMMUNEN ER PÅ BALLEN: Ole Ingar Hæreid, t.h., jobbar med å få på plass båtskyss til årdølene frå og med måndag.  På biletet er han saman med resten av leiinga i samferdsleavdelinga i fylket Foto: Mathias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Båtrutene vil gjelda frå og med måndag. Sundagen vert det ikkje noko båtskyss i det heile.

Sundag er det i tillegg sannsynleg at fjellovergangen Årdal-Tyin vil halda stengt og Årdal vil truleg verta heilt avskjerma frå omverda.

Uvêret over Tyin-fjellet skal roa seg fram mot natt til måndag. Måndagen opnar det seg truleg opp for transport både over fjellet og sjøvegen.

– Kan skuleungane frå Nadvik og Vikadalen rekna med å få båtskyss til skulen måndag?

– Me reknar med å skyssa både skuleelevar, dei som skal på jobb og andre, seier fylkes-beredskapsleiaren. 

Men ei båtløysing er førebels ikkje komen på plass, og Hæreid kan enno ikkje seia noko sikkert om når fyrste båt vil gå. Det vert klart i morgon etttermiddag eller kveld. 

– Kvar skal denne båten frå Årdalstangen gå?

– Han kjem til å gå anten til Fodnes eller til Vikadalen. Årdal kommune ser no på om kaia i Vikadalen kan brukast til dette føremålet.

Til toppen