SKARPERE: Dagens Audi R8 er ganske lik den forrige generasjonen, men har litt skarpere kanter, det gjelder også kjøreegenskapene.   FOTO: Morten Abrahamsen/NTB tema
SKARPERE: Dagens Audi R8 er ganske lik den forrige generasjonen, men har litt skarpere kanter, det gjelder også kjøreegenskapene. FOTO: Morten Abrahamsen/NTB tema (Bilde: Morten Abrahamsen / NTB tema)

Det villaste frå Audi

Audi R8 er ein moderne superbil: Han prøver ikkje å ta livet av deg i kvar einaste sving. Opplevinga blir likevel minneverdig.

NPK Tema: Superbilar har tradisjonelt sett vore skremmande saker. Leiketøy med vanvitig sterke motorar, kupear ein må vere multiledda for å kome inn i, avgrensa vindaugsflater og køyreeigenskapar som krev ein svært erfaren sjåfør. Dei siste ti åra har dette blitt litt mindre skummelt. Moderne teknologi har gjort at bilane ikkje prøver å ta livet av deg.

At denne typen bilar har blitt noko meir omgjengelege, kan godt vere Audis «feil». For ti år

Tekniske data Audi R8 V10 Plus

Pris: 2.307.300.-

Pris testbil: 2.524.250.-

Motor: V10 syl. Bensin. 5204 ccm. 610 hk v. 8250 o/min. 560 Nm v. 6500 o/min.

Aks: 3,2 sekund

Toppfart: 330 km/t

Forbruk: 1,23 l/mil (blanda)

Utslepp: 287 g/km CO2. 39,4 mg/km NOx

Bagasjerom: 112/338 liter

LxBxH: 4426/1940/1240 mm

Eigenvekt: 1555 kilo

sidan kom dei med R8, ein bil med spektakulært utsjånad i eit segment dei aldri tidlegare hadde vore i nærleiken av. Han hadde midtstilt motor, to sete og ei flat framtoning, alt saman heilt korrekt i samsvar med superbilsjangeren.

Det som var mindre normalt, var at han var grei å ha med å gjere, med firehjulstrekk og køyreeigenskapar som både takla roleg rulling og banekøyring. At dei kunne levere så bra i eit så heftig segment, utan noko erfaring, kan nok skuldast Lamborghini, som Audi kjøpte i 1999.

Og koplinga blir enda tydelegare når ein ser på den nye generasjonen Audi R8. Testbilen er den kraftigaste av to tilgjengelege utgåver, med ein V10-motor utan turbo på 5,2 liter som yter 610 hestekrefter. Akkurat det same som ein finn i Lamborghini Huracán.

FINT STED: Audi R8 har det siste av merkets interiørpåfunn, med det digitale dashbordet. Selve kabinen er mindre trang enn i mange andre biler av samme art. 
FINT STED: Audi R8 har det siste av merkets interiørpåfunn, med det digitale dashbordet. Selve kabinen er mindre trang enn i mange andre biler av samme art.  Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema

Øvst i matkjeda

Vi snakkar altså om bilar som er heilt øvst i matkjeda. 610 hestekrefter i ein bil som veg litt over 1,5 tonn er sterke saker. At Audi i tillegg har valt å stå over turbo og i staden satsa på sylinder og volum, gjer dei sjangertru og heilt på sida av tidsbildet.

OLD SCHOOL: V10-motoren har ikke turbohjelp. Det gir et mer lineært skyv enn med en turbomotor. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /
OLD SCHOOL: V10-motoren har ikke turbohjelp. Det gir et mer lineært skyv enn med en turbomotor. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema / Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema

Ein bil som Audi R8 5,2 V10 Plus nyttar seg av teknologisk superavanserte saker på alle område, bortsett frå drivstofføkonomi. Då R8 kom, var det éin ting som ikkje var bra, nemleg girkassa. I løpet av levetida til den førre generasjonen blei dette betre, og i dagens utgåve finn vi ein av dei beste girkassane i nokon sportsbil uansett. Han er vanvitig rask, det er som om gira blir skote på plass. Girkassen jobbar saman med ein heilt spesiell motor. I og med at han er utan turbo, er det eit heilt ufiltrert samarbeid mellom gasspedalen og dei 610 hestekreftene. Maks effekt ligg på heile 8250 omdreiingar per minutt, og turtalsperra litt over dette.

Her er det med andre ord berre å jage høge turtal viss vegen tillèt det. På vegen til maks effekt gir bilen frå seg eit vegg-til-vegg-lydteppe av kvin og brøl. Samtidig er det sjølvsagt avgrensa kor lenge ein kan gi jernet, null til hundre tek 3,2 sekund, og akselerasjonen når ein er i fart er minst like imponerande.

VINGE: Karbonvingen er standard. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /
VINGE: Karbonvingen er standard. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema / Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema

 

Trolldom

På ein favorittveg utan trafikk og med oversiktlege svingar fekk vi kjenne på kor vanvitig potensialet til bilen er. Han kan ta med seg absurd mykje fart. Ved å bremse ned på veg inn i svingen får ein vekta framover slik at det blir minimalt med understyring, så kan ein mate på med hestekrefter gjennom svingen.

PÅ UTSTILLING: I beste superbilstil er den voldsomme motoren på utstilling under et glassvindu. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /
PÅ UTSTILLING: I beste superbilstil er den voldsomme motoren på utstilling under et glassvindu. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema / Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema

Firehjulstrekk, breie dekk, lågt tyngdepunkt og generell trolldom gir både sjølvtillit og bakoversveis. Bilar av denne typen skal vere ei oppleving, dei skal følast ekstraordinære. Før i tida var dette gjerne knytt opp til at bilane samtidig var for vidarekomne.

Med ei vill mengd hestekrefter rett i bakhjula, utan nokon form for hjelpemiddel, skulle det ikkje mykje til før ein planta superbilen i ein åker eller det som verre var.

Brukarvennleg

Med eit par tastetrykk blir dagens R8 til ein bil ein kan bruke i by. Han kan roe det heilt ned, og sikten ut er ikkje så halvgalen. Med ryggekamera og diverse sensorar er lukeparkering ikkje noko problem. Rygging med ein 70- eller 80-tals Lamborghini Countach blir derimot gjort ved at ein opnar døra og sit i opninga for å ha nokon som helst moglegheit for å sjå kva som er rundt bilen.

Dei som hevdar at Audi R8 er for soft til å vere ein skikkeleg superbil, har nok ikkje køyrd bilen. Han leverer ei oppleving som er heilt spesiell, der lyd, køyreeigenskapar, motor, utsjånad og layout plasserer han støtt i den eksklusive superbilkategorien. Nokon vil sikkert argumentere med at ein no får ein familieelbil som er omtrent like kjapp, men det er heilt på sida av saka. For bilar som Audi R8 tilbyr mykje meir enn akselerasjon i ei rett linje. Det er ein ekstrovert bil for folk som vil blir sett og høyrd.

At bilen samtidig har ein snev av dinosaur over seg, er ikkje til å komme frå. Forbruket er imponerande lågt når ein ser på ytingane, men 1,5 liter per mil er jo ikkje akkurat tal ein ventar frå ein 2017-modell. Samtidig er bilen vel så mykje ein attraksjon som eit køyretøy, og truleg frå ein utryddingstruga art, som vi får glede oss over så lenge det varer.

HEFTIG: Fronten til R8 er tøff, og det er en tendens til at bilene foran bytter felt når de får dette åsynet i bakspeilet. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /
HEFTIG: Fronten til R8 er tøff, og det er en tendens til at bilene foran bytter felt når de får dette åsynet i bakspeilet. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema / Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema
Til toppen