Sogndal: Kommunelege Jan Ove Tryti i Sogndal informerte torsdag politikarane om arbeidet med å innføre felles legevakt for Vik, Luster, Leikanger og Sogndal.
– Me har for få legar til å greie å oppretthalde vakter kvar for oss i framtida. Særleg Vik og Luster er avhengige av mykje vikarar for å klare å fylle legevaktene, seier Tryti.
Les også: Desse sognekommunane vurderer felles legevakt
Meir profesjonell teneste
Stor vaktbelastning gjer det allereie vanskeleg å rekruttere legar til mindre plassar. Resultatet er ei utstrakt og kostbar bruk av vikarar. I tillegg vil ei ny akuttforskrift vil bli innført i mai neste år, med enno strengare krav til vaktordningane, ei meir profesjonalisert teneste, meir deltaking frå legane i utrykking, fleire sjukebesøk og krav om hjelpepersonell på legevakt.
Mange vil sikkert frykte kva ei slik samanslåing vil bety, spesielt i desse dagar. Ikkje minst kva eit større geografiske vaktdistrikt får å seie for nærleiken til tenestene. Kommunelegen i Sogndal, som har leia utgreiinga av felles legevakt, meiner at innbyggjarane vil få minst like gode tenester som før.
Kommunestyra tek avgjerda
– Vi klarer oppretthalde ein eigen legevaktstasjon i Vik ved hjelp av legar frå nordsida av fjorden. Alternativet var at innbyggjaranemåtte reise til ein annan kommune for å få sine legevakttenester, seier Tryti.
– Tilsvarande i Luster, så håper vi at vi klarer å få til ei legevaktteneste med mindre bruk av vikarar og meir legar som er kjent i distriktet, kjent med sjukehus- og ambulansepersonellet og at det skal heve kvaliteten, seier han.
Det er opp til i kommunestyra i dei aktuelle kommunane å bestemme.
– Vi har jobba lenge med dette no og har eigentleg berre fått meir og meir trur på det etter kvart som vi har kome framover i prosessen og sett korleis det kan bli, seier kommunelegen i Sogndal.