ALDRI MEIR?: Blir det tunnel frå Bjøberg til Borlaug ei gong i framtida treng ein aldri sitja i kolonnekø over Hemsedalsfjellet meir. Arkivfoto: Terje Borkhus.
ALDRI MEIR?: Blir det tunnel frå Bjøberg til Borlaug ei gong i framtida treng ein aldri sitja i kolonnekø over Hemsedalsfjellet meir. Arkivfoto: Terje Borkhus.

Dette betyr vegvalet for deg

Kortare og sikrare reiseveg til Bergen og Oslo for dei fleste sogningar og trygging av arbeidsplassar grunna lågare transportkostnader blir resultatet om politikarane går inn for Hemsedalsfjellet.

Indre Sogn: Torsdag tildrådde Statens Vegvesen på ny at Stortinget vel oppgradering av Rv52 og E16 mellom Gol og Voss framføre Rv7. Altså at vegen over Hemsedalsfjellet og vidare gjennom Lærdal og Aurland til Voss blir den nordlege hovudferdselsåra mellom Bergen og Oslo.

Den mest direkte konsekvensen viss Stortinget vel Rv52 og E16 er kortare reisetid til både Oslo og Bergen for dei fleste i Sogn - ja, for dei fleste i heile fylket. Vegvesenet skisserer opp fleire moglege alternativ på ein del av punkta under, men slik vil ein køyretur på den nye vegen kunne bli i høve dagens veg:

Desse strekningane er føreslegne oppgraderte

Me startar turen frå aust, altså på Gol:

  • Gol: Det mest besparande alternativet frå Vegvesenet er å leggja ein tunnel som startar før, eller nordaust for Gol sentrum og endar på Robru. Dagens svingete veg her vil altså vera historie, og ein sparar om lag 3,5 km.
  • Hemsedal: Her vil vegen bli endra frå Ulsåk og gå inn i ein 6,2 km lang tunnel forbi Hemsedal sentrum, vidare under Hemsedal skisenter. Den nye vegen kjem innatt på eksisterande trasè rett vest om Lio. Fleire mindre tiltak er aktuelle her, men dette - som blir mest besparande - kortar vegen med 3 km.

Artikkelen held fram under kartet

TUNNEL: Det mest tidsbesparande alternativet for dette vegstykkjet er ein 6,2 km lang tunnel sør for Hemsedal sentrum (den stipla linja, "alt. 1") Kart frå Statens Vegvesen sin KVU (Konseptvalutreiing)
TUNNEL: Det mest tidsbesparande alternativet for dette vegstykkjet er ein 6,2 km lang tunnel sør for Hemsedal sentrum (den stipla linja, "alt. 1") Kart frå Statens Vegvesen sin KVU (Konseptvalutreiing)
  • Storeskard: Litt før ein kjem over tregrensa ved Storeskard går dagens veg på ei bru over elva. Det meste er gale med denne brua, skriv Vegvesenet i grunnlagsdokumentet sitt. Dei føresler her ein tunnel på 0,9 km, først og fremst for å heva standard og tryggleik på vegen. 
  • Hemsedalsfjellet: Her vil den største endringa skje, men alternativa er mange.  Uansett blir det snakk om tunnel, spørsmålet er lengd og innslagspunkta. Eitt av dei to beste alternativa meiner Vegvesenet er ein tunnel på 19,8 km. frå Bjøberg til Borlaug. Då sparar ein om lag 4 km. Det andre alternativet er å dreia av dagens trasè ved Oset, vestenden av Eldrevatnet, og gå inn i ein 7,7 km lang tunnel som endar i Mørkedalen. Slik unngår ein Holesvingane. Vidare går vegen 5 km i dagen på motsett side av elva i høve dagens veg og koplar seg på E16 ved Eraker, før Tuftåstunnelen. Det første grepet vil gje 100 prosent vintersikker veg, det andre betra vinterregulariteten noko.

Artikkelen held fram under kartet

FLEIRE ALTERNATIV: Over Hemsedalsfjellet er lang tunnel frå Bjøberg til Borlaug eller tunnel frå Oset til Mørkdalen og veg i dagen vidare til Eraker (Den blåe linja som svingar vestover ved vatnet og går over i stipla linje (tunnel)) dei to alternativa Vegvesenet reknar som mest aktuelle. Kart frå Statens Vegvesen sin KVU (Konseptvalutreiing)
FLEIRE ALTERNATIV: Over Hemsedalsfjellet er lang tunnel frå Bjøberg til Borlaug eller tunnel frå Oset til Mørkdalen og veg i dagen vidare til Eraker (Den blåe linja som svingar vestover ved vatnet og går over i stipla linje (tunnel)) dei to alternativa Vegvesenet reknar som mest aktuelle. Kart frå Statens Vegvesen sin KVU (Konseptvalutreiing)
  • Ljøsne: Ny tunnel på 5,7 km med innslag ved strekninga før Saltkjelen. Denne vil koma i dagen att rett før Vollebrui.
  • Flåm-Gudvangen: Ny tunnel heile vegen på 14,6 km, innkorting på 5,8 km. Denne kjem altså i staden for dagens Flenjatunnel og Gudvangatunnel.
  • Oppheim/Vinje: I dag køyrer ein på nordsida av Oppheimsvatnet, via Oppheim og vidare via Vinje før vegen går rett sørover til Voss. Med to nye tunnelar og såleis ein vesentleg beinare veg sør om Oppheimsvatnet sparar ein 5 km.
  • Saue: Rett før ein kjem til Voss legg Vegvesenet opp til ein 1 km lang tunnel ved Lønavatnet, 1 km. sør for Saue. Dette hovudsakleg for å unngå mjuke trafikantar og bustadfelt.

Totalt vil desse grepa korta avstanden mellom Gol og Voss med om lag 23 kilometer. Mest tidsbesparande blir det nok likevel at dei nye vegstykkja blir bein og god veg i staden for krappe svingar, mykje og ujamn stigning, smale bruer og generelt laber standard.

– Tryggar arbeidsplassar

Alle i Sogn og Fjordane som køyrer til Oslo eller Bergen via Håbakken i Lærdal vil altså få kortare og kjappare veg til dei to største byane i landet. Av dei nemnde 23 innkorta kilometrane vil om lag halvparten koma på vegen mellom Håbakken og Voss, og den andre halvparten mellom Håbakken og Gol - altså 11-12 kilometer spard uavhengig av om ein skal til Bergen eller Oslo. Og altså vesentleg betre veg, som er den største vinsten når det kjem til tidsbruk.

I tillegg kjem viktige vinstar som vesentleg tryggare veg og betre vinterregularitet over Hemsedalsfjellet.

Les også: – Kan vanskeleg sjå at politikarane går mot dette

Men at politikarane til slutt fell ned på Rv. 52 og E16 i staden for Rv.7 er kanskje aller viktigast for næringslivet i fylket.

– Same korleis ein snur og vender på det skal varer fraktast til og frå verksemder. Transportkostnadane inn til, ut av og innad i fylket vil bli lågare med desse utbetringane. Det tryggar arbeidsplassar, seier varaordførar i Lærdal, Trond Øien Einemo.

Artikkelen held fram under biletet

NØGD: Varaordførar i Lærdal, Trond Øien Einemo, er nøgd med Statens Vegvesen si anbefaling til stortingspolitikarane. Her saman med vangordførar Vidar Eltun på Tyinkrysset under ein felles studietur ulike politikarar og fagfolk hadde på E16 i etterkant av at Vegvesenet kom med si anbefaling torsdag.
NØGD: Varaordførar i Lærdal, Trond Øien Einemo, er nøgd med Statens Vegvesen si anbefaling til stortingspolitikarane. Her saman med vangordførar Vidar Eltun på Tyinkrysset under ein felles studietur ulike politikarar og fagfolk hadde på E16 i etterkant av at Vegvesenet kom med si anbefaling torsdag.

– Den viktigaste politiske saka eg nokon gong har vore med på

Sjølv om dette vegprosjektet i seg sjølv handlar om utbetringar på veg i kommunane Lærdal og Aurland her i fylket, kjem det heile Nordvestlandet til gode, forklarar sogndalsordførar Jarle Aarvoll:

– Tverrsambandet i fylket - riksveg 5 - koplar seg på E16 på Håbakken i Lærdal, som igjen koplar seg på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Riksveg 5 går gjennom Sogndal og vidare heilt til Florø. Det er klart at Hemsedalsfjellet som hovudveg vil styrkja riksveg 5 betrakteleg.

Og riksveg 5 koplar seg på nord-sør-sambandet E39 på Skei i Jølster. Ferjefri E39 ligg allereie inne i Nasjonal transportplan.

VIKTIGASTE: Sogndalsordførar Jarle Aarvoll omtalar valet mellom Hemsedalsfjellet og Hardangervidda som den viktigaste politiske saka for fylket han nokon gong har vore med på. Arkivfoto
VIKTIGASTE: Sogndalsordførar Jarle Aarvoll omtalar valet mellom Hemsedalsfjellet og Hardangervidda som den viktigaste politiske saka for fylket han nokon gong har vore med på. Arkivfoto

– Vegvalet Stortinget skal gjera vil ha svært mykje å seia for til dømes sjømatindustrien - "den nye oljen" -  ​ikkje berre i vårt fylke, men også på Sunnmøre og i deler av Hordaland. For heile nordvestlandet har det vera viktig - me blir ein del av ein større region. Dette er nok den viktigaste politiske saka for fylket eg nokon gong har vore med på, i alle fall den viktigaste samferdslesaka. Og eg trur vegvalet får konsekvensar hundre år fram i tid, seier Aarvoll.

Truleg vil valet mellom Hardangervidda og Hemsedalsfjellet bli gjort i Stortinget i 2017. Går politikarane for Hemsedalsfjellet vil det uansett ta lang tid før alle oppgraderingane bli realiserte.

– Dei blei vedteke i 1975 at E16 skulle vera stamveg. Lærdalstunnelen vart påbyrja tjue år seinare. Samferdsle er langdryge greier, seier varardførar Øien Einemo i Lærdal.

Til toppen