VINNARBIDRAG: Sondre Loftsgarden og Karl-Kristian Muggerud dansar gjennom den italienske laussnøen. For dette biletet vart fotograf Bård Basberg kåra til King of Dolomites.
VINNARBIDRAG: Sondre Loftsgarden og Karl-Kristian Muggerud dansar gjennom den italienske laussnøen. For dette biletet vart fotograf Bård Basberg kåra til King of Dolomites. (Foto: Bård Basberg)

Dette biletet gav fotografen frå Sogndal førsteplass i internasjonal konkurranse

Bård Basberg stakk i helga av med førsteplassen i fotokonkurransen King of Dolomites. 

Sogndal: Ti profesjonelle fotografar hadde 72 timar på seg til å levera det beste frikøyringsbiletet frå San Martino, ein skistad i Italia omringa av dei karakteristiske fjelltoppane i Dolomittane.

LEVEVEG: Han kom til Sogndal for å studera og stå på ski. Undervegs gjorde han foto til leveveg. Foto: Privat

– Det var ganske utfordrande, for me var veldig uheldige med vêret. Kriteria gjekk på at biletet skulle vera gjenkjenbart for Dolomittane, med fjella og det spesielle lyset. Uheldigvis var det null sikt og tåke størsteparten av tida, seier Basberg.

Vinnarbiletet vart teke på den siste nedkøyringa på den siste dagen:

Slo italienarane på heimebane

– Plutseleg kom me til den plassen, med fjella i bakgrunnen og endeleg litt sikt. Det kravde litt timing at begge skulle svinga på likt, men det gjekk på første forsøk, seier Basberg, som tykte det var ekstra kjekt å slå italienarane på heimebane.

– Fleire av dei som var med har stått på ski i Dolomittane heile livet, og visste akkurat kor  dei skulle for å få dei beste vinklane. Eg og mine to norske skikompisar hadde aldri vore på staden før, så me måtte berre prøva oss fram. Det er ganske kult at me stakk av med sigeren.

Fotografane skulle levera tre bilete til juryen. Sjølv om dette gav han førsteplassen, var det eitt av dei andre Basberg var mykje meir nøgd med.

Sigeren gav han likevel eit par tusen euro på kontoen, men Basberg trur eksponeringa ein slik pris gir betyr vel så mykje:

GULLKANTA SAMARBEID: Fotograf Bård Basberg i midten, flankert av skikøyrarane Sondre Loftsgarden (t.v) og Karl-Kristian Muggerud. Foto: Privat

Skikøyring lokka han til Sogndal

– Eg trur nok verdien er å få visa kva du er god for, og kanskje få eit namn utanfor Norge. Så hadde eg ei veldig kjekk helg, ikkje minst. Begge dei eg var på ski med er dyktige skikøyrar og gode venner. Det er gøy når skikøyring gir slike resultat, seier Basberg. 

Basberg flytta til Sogndal i 2011 for å studera og stå på ski. 

– Eg fann fort ut at det var mange som var betre på ski enn meg, så eg byrja å ta bilete av dei, seier Basberg.

Sidan utvikla det seg og no er det tre år sidan han gjorde fotografi til levebrød gjennom eit eige firma på Campus. Blant kundane er det lokale skimerket SGNskis

– Det er veldig kult å kunna leva av det du synst er gøy, seier Basberg.

Til toppen