SJANSESLØSERI: Sogndal hadde nok av sjansar, men greidde aldri å få ballen i mål. Sjå høgdepunkta frå kampen her.

VIDEO

Dette blikket fortel alt du treng å vita om den heilsvarte fotballkvelden

Etter to annulerte mål og ein haug med brente sjansar må Sogndal innsjå at resten av sesongen blir ein kamp for å unngå direkte nedrykk.

Sogndal-Tromsø: 0-2 (0-1)

Det var ein kveld då absolutt ingenting gjekk vegen for Sogndal. Likevel vil ikkje trenar Eirik Bakke bortforklara tapet mot botnkollegaen.

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal seia. Me har enorme sjansar, men tapar 0-2. Då blir det for gale å skulda på marginar, seier trenar Eirik Bakke etter nok eit nitrist tap på Fosshaugane.

To annulerte mål og tidenes trippelsjanse

Det var to lag i desperat poengnød som møtte kvarandre. Sogndal måtte vinna for å ha håp om å unngå kvalikplassen og for å halda Aalesund unna på plassen bak.

Tromsø trengte siger for å få eit pusterom til dei to nedrykkskollegaane.

Sogndal-Tromsø: 0-2

Kampfakta:

Stadion: Fosshaugane Campus
Dommar: Tore Hansen (Feda IL)

Målscorarar, Sogndal:
Gule kort, Sogndal: .

Lagoppstilling, Sogndal:

1. Mathias Dyngeland
2 .Taijo Teniste
16. Reiss Greenidge
40. Even Hovland (k)
41. Kjetil Wæhler
4. Chidiebere Nwakali (Soltvedt 69.)
10. Gilbert Koomson
14. Ole Martin Rindarøy
27. Eirik Birkelund
11. Martin Ramsland (Mandic 69.)
18. Bendik Bye

Alt frå avspark såg det ut som dagen då ingenting fungerte for heimelaget. Tromsø trilla og trilla, medan Sogndal sløste og sløste med sjansane.

Symptomatisk var trippelsjansen etter at halvtimen spelt. Sogndalspelarane stod i kø for å skåra, men både Kongshavn i tromsømålet og tverren stod i vegen då kanonaden til slutt fisla ut i ingenting.

I staden var det Tromsø som kunne jubla åtte minutt seinare. Thomas Lehne Olsen var plutseleg åleine i boksen og kunne styra 1-0.

Då Martin Ramsland fekk eit mål feilaktig annulert like før pause byrja sjølv dei største optimistane å tvila.

Fekk ny skåring i fleisen

Marerittet heldt fram i andre omgang. To minutt ut i omgangen jubla heile stadion for redusering då Reiss Greenidge steig til vers. Headinga dalte i nettet, men linjemannen vinka for offside. Korrekt denne gongen, verka det som.

I det 57. minutt var det Kjetil Wæhler sin tur til å fortvila. På blankt mål og frå seks meter heada han eit hjørnespark i tverren og over. Tre minutt seinare var Greenidge centimeter frå å skalla inn 1-1.

På dette tidspunktet hadde håpet endeleg vakna. Tromsø var fullstendig på hælane og både spelarar og publikum byrja å tru at dette skulle snu.

LITE FUNGERTE: Gilbert Koomson vart passa godt på av eit ellers heldig tromsøforsvar.
LITE FUNGERTE: Gilbert Koomson vart passa godt på av eit ellers heldig tromsøforsvar. Foto: Halvor Farsund Storvik

I staden fekk heimelaget seg ei ny skåring i trynet. Eit håplaust skot og ei uheldig klarering enda som ei perfekt pasning til Mikael Ingebritsen. Tromsø kunne gå opp til 2-0, fullstendig ufortent.

Etter dette gjekk lufta ut av heimelaget. Nokre siste desperate forsøk vart det, men aldri eigentleg farleg.

Sogndal må etter tapet håpa på hjelp frå både Rosenborg og Sarpsborg, som møter Aalesund i dei to neste kampane. Sunnmøringane ligg no berre to poeng bak, med èin kamp til gode.

– Etter tredve kampar får du som regel som fortent. No har me to kampar til å ta dei poenga me treng for å greia kvalik. Det er dèt det handlar om no, innrømmer Bakke.

– Eg har framleis tru på at me skal greia å snu det, legg han til.

Til toppen